Politiet i Odda fekk om lag klokka 14.00 torsdag melding om brann i «Slottet» på Tveitahaugen i Tyssedal. Det var sterk røykutvikling frå tak og loftsetasje.

— Det var ein mann som kom heim frå arbeid som oppdaga brannen, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand ved Hardanger politidistrikt til bt.no.

Politiet fekk melding om at tre personar, to menn og ei kvinne, var sett i huset før brannen vart meldt.

I løpet av ettermiddagen vart alle tre hanka inn og sikta. Torsdag kveld sat dei i avhør, mistenkt for aktlaust å ha starta brannen.

I tillegg har ransaking av bustadene til dei tre oddingane og avhøyr av dei, ført til at ei lang rekke andre saker har kome på bordet. De skal vera tjuveri, narkotikabruk, køyring utan førarkort med meir, skriv politiet i Hardanger i ei pressemelding.