— Rydd opp! Det er den klare bodskapen frå fagarbeidar Jorid Løvtangen ved Hjeltnes gartnarskule. Ho får varm støtte av Guri-Kristina Batta Bjørnstad som underviser i vintergrønt.

Tida er inne til å gjera hagane klare til å møta vinteren.

Fire centimeter

Tida er inne til å bruka plenklipparen for siste gong i år. Klipp ikkje graset heilt nedåt. Fire centimeter høgde er høveleg. Det er dei to fagfolka samde om.

Deretter skal plenklipparen spylast rein før han vert sett vekk for vinteren, elles vert han sløv til våren. Reingjering av all slags reiskap er eit godt tiltak heile året, men er særleg viktig når reiskapen vert ståande så lenge at jord og planterestar blir til hard skorpe. Hageslangen må tømmast for vatn før han blir kveila saman. Også krukker og potter skal vaskast, og stablast pent opp. Dei er ikkje så frostsikre som reklamen lover.

— Men ei frostsikker krukke med haustlyng og vintergrønt ved inngangsdøra må berre stå. Den pyntar fint opp, og inne ved huset er det lunt.

— Skal lauvet rakast bort, eller kan det bli liggjande, til vern og ny næring?

— Det skal rakast bort frå plenen, men kan godt bli liggjande andre stader i hagen. Samanraka lauv kan godt plasserast i beda, til vern mot kulden. Systematisk rot er ålreit.

Hypp!

Beste kuldevernet er likevel granbar, seier Guri-Kristina Batta Bjørnstad, og slår eit slag for gjenbruk av juletreet.

— Er jutesekken ute?

— Ikkje heilt, men han må brukast med måte. Det kan lett bli for tett, og føra til knekkskadar når det lavar ned med kram snø, åtvarar ho.

Beste vernet mot kulde er jord. Dei aller fleste rosebuskene her i landet er poda, og podepunktet skal liggje ti centimeter nede i jorda. Oftast sig jorda, og podepunktet kjem i friluft. Her bør det hyppast hyppig, i alle fall tilførast nok jord rundt stammen før vinteren set inn.

Eit anna vernetiltak, til dømes for vintergrøne plantar som Tuja sypress, er å laga eit «telt» av 3-5 trepinnar og tau rundt busken. Blir det liggjande for mykje snø, kan han ristast av.

Varsam med saksa

— Kor langt ned skal rosebuskene klippast?

— Fjern det som er dårleg. La resten stå til våren. Vent til første lauvsprett på bjørka. Det kan bli lite att dersom du klipper for mykje i haust, og må fjerna frostskadde greiner til våren. Og husk å dekka til med granbar etter jul, så slepp du sviskadar når vårsola varmar.

— Er det for seint å planta noko no?

— Tulipanløk kan settast ned over heile Vestlandet framleis. Krokus og mindre løkar kan plantast i Bergens-området og ikkje altfor vêrharde kyststrok (klimasone 2). Men i indre delar av fylka, som ligg i sone 4 og 6, er oktober i seinaste laget, seier Jorid Løvtangen.

— Syt for god drenering i desse nedbørsrike tider, skyt Bjørnstad inn.

Staude-planting er for seint i år. Det kan bli frost før dei får etablert seg.

Frøhausting

— Skal sommarplantane fjernast, eller la dei bli borte av seg sjølv?

— Du skal fjerna det som er stygt, både visne plantar og nedfallsfrukt, men la det som tek seg bra ut, bli ståande og gjera oss glade utover hausten. Dessutan er det lett å riva med seg ein staude i farten. Som sagt, ei lita økt om dagen, er betre enn skippertaka, seier Løvtangen.

I løpet av hausten skal alle eittårige sommarblomar kastast, medan fleirårige no må settast i kjellaren. Der skal dei stå kaldt og tørt. Dei treng ikkje vatn i haust. Etter jul skal det vatnast svært varsamt, nok til å halda dei i live fram til utplantinga til våren.

No er tida inne til å hausta frø frå sommarblomane, så slepp du kjøpa så mange nye plantar til neste år. Frøa legg du tørt og mørkt til våren.

— Kva seier hagesentra når du gjer slike råd?

— Dei skal også leva, men det er mange nok hageeigarar som lever etter kjøp og kast-metoden. Eg trur at ein som verkeleg er interessert i hagestell og nyttar ut ressursane, også er ein god kunde hjå hagesenteret.

Avvis rotdeling høfleg

Hageinteresserte bruker vinteren til å planlegga, tenka gjennom kva ein sakna av fargar og innslag i sommar, og set opp liste over det ein vil kjøpa til våren.

— Skal det førast loggbok også?

— Det hadde vore det beste. I alle fall bør ein ha merkelappar i beda som viser plantenamna. Elles blir det fort surr.

— Når kan ein ta «avleggar» av staudar?

— Det heiter ikkje avleggar, men å dela stauderøter. Delar bør ein ta om lag eit halvt år etter blomstring. Vårblomstrande planter kan delast om hausten, og omvendt.

— Kva seier ein dersom nokon blir begeistra for den blømande stauden din, og ber om å få meg seg ein del?

— Då seier du høfleg nei, og ber dei koma att om eit halvår.

Hausten er også tida til å samla grønt, lauv, kongler og krokete greiner og røter til julepynt.

SNART VINTERKLAR: Urtehagen på Hjeltnes står framfor innspurten i haustonna.<br/>Foto: ARNE HOFSETH