ARNE HOFSETH

Det går unna når Torbjørn Frivik frå Kyrkjebø i Sogn set i gang med hogstmaskinene sine. Ein taubane sender dei felte grantrea ned til hovudbasen som er parkert midt i Kuffertløypa. Her tek ei kraftig klo godt tak i trestamma. Greiner og bark blir skrella av, og tømmeret kutta opp i høvelege lengder, før kloa slepper taket.

— Vi har hatt denne maskina i eitt år. Det tok ikkje så tid å læra bruken, og no går det radig unna, seier Torbjørn Frivik som er dagleg leiar av firmaet.

Den nye ekspressheisen til 40 millionar kroner skal gå opp Bavallslia gjennom skogsteigane til Hadle Ringheim og Signar Aune. Anslagsvis 100 kubikkmeter står for fall.

— Utan den nye heisen ville nok skogen blitt ståande 10-15 år til, til han vart hogstmogen, seier Hadle Ringheim til Bergens Tidende.

Sjølv om skogsarbeidet no går med ekspressfart, vil ikkje den nye heisen stå ferdig til komande vintersesong. Til det tok det for lang tid å få på plass dei siste bitane i finansieringskabalen.

— Vi gjer unna ein god del førebuande arbeid fram til snøen kjem, og så tek vi fatt på sjølve heisbygginga til våren, seier disponent Per Inge Brekke i Voss Fjellheisar As til Bergens Tidende.

Når det er nok snø, kunstig eller naturleg, i løypene neste haust kan han by på ein heis som tek deg frå Bavallen til toppen av Hangur på tredjeparten av tida dagens heis bruker. Ei sinnrik innretning gjer at stolane, med plass til fire i kvar, står nesten stille ved på- og avstiging. Og den nye heisen skal gå heilt til topps. Du slepp kliva fiskebein den siste kneiken.

— Noverande heis har ein kapasitet på 800 personar i timen, men det er berre teoretisk. I praksis kjem ein fort ned i 600 på grunn av stopp og start ved kluss med av- og påstiging, seier Brekke.

Han har meir tru på at den nye heisen held den kapasiteten som er lova; i løpet av ein time skal han få 2600 personar til fjells.