JOHN LINDEBOTTEN

KrFs fraksjonsleiar i samferdslekomiteen, Odd Holten, er den som tar på seg å føreslå at brua får plass i NTP, om ingen andre gjer det.

— Når drøftingane om Nasjonal Transportplan kjem i gang om få dagar, vil eg tilrå at Hardangerbrua får plass med ein merknad, seier Odd Holten til Bergens Tidende.

— Eg røysta ja til Hardangerbrua i 1996 óg eg, minner han om.

Med sterke, positive utsegner om brua både frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet, ligg det til rette for at eit klårt fleirtal i samferdslekomiteen vil gje Hardangerbrua ein ny sjanse til ja i Stortinget.

Hardangerbrua fekk nei i Stortinget i juni 1996 med 93 røyster mot og 71 for.

Null frå staten

Grunnlaget for det som no ser ut til å vera eit fleirtal for, er ein finansieringsplan utan løyvingar frå staten, frårekna ferjeavløysingsmidlar.

Overfor BT går Odd Holten lengre, og er klårare enn både Aps Oddbjørg A. Starrfelt og Høgres Petter Løvik har vore om Hardangerbrua dei siste dagane. Men med mindre dei to går attende på alt dei har sagt, kan dei vanskeleg gjera anna enn å støtta Odd Holten.

Kenneth Svendsen, Frps fraksjonsleiar, stadfester at også hans parti er positivt innstilt til Hardangerbrua.

— Men de har no ikkje hatt så lett for å godta store bompengeprosjekt?

— Det er rett at landsmøtet sette foten ned, men det galdt no først og fremst nye vegsamband. Hardangerbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt, og eg trur ikkje vedtaket på landsmøtet galdt slike anlegg. Men før vi avgjer kva som vert Frp sitt standpunkt i samferdslekomiteen, vil vi gjerne høyra kva Hordaland Frp meiner, seier Kenneth Svendsen.

Sps Jorunn Ringstad, som er nestleiar i samferdslekomiteen, seier til BT at ho er open for drøftingar om Hardangerbrua, men at saka ikkje er diskutert i stortingsgruppa.

Toler to syn i KrF

— For meg er dei næringspolitiske grunnane til å byggja brua like viktige som at samferdsla vert lettare. Regionen treng ein ny giv, og Stortinget tek på seg eit stort ansvar om det seier nei til det sterke lokale engasjementet og overstyrer alle lokale vedtak, seier Odd Holten.

— Synest du at finansieringsplanen for brua, utan statleg medmerknad, verkar truverdig?

— Det vert ei utfordring først og fremst for dei lokale kreftene bak brua.

— Kristeleg Folkeparti på Stortinget har alltid vore delt i synet på Hardangerbrua. Korleis ser du på det?

— Denne delinga toler vi å leva med. Vi har ikkje for vane å binda stortingsgruppa. Hardangerbrua er dessutan ikkje mellom hjartesakene til Kristeleg Folkeparti, seier Odd Holten.