Underskotet for 2000 har synt seg å vera heile fem millionar kroner. Det svir for ein liten kommune med 3000 innbyggjarar. For inneverande år ser det ut til å bli 2,8 millionar kroner, medrekna ei ekstrarekning på 1,3 millionar frå Kommunal Landspensjonskasse (KLP).

Hadde den verkelege økonomiske stoda vore avdekt tidlegare, ville aldri Fitjar kultur— og idrettsbygg vore ein realitet, meiner Harry Herstad.

Mot denne dystre bakgrunnen gir det store budsjettutfordringar for kommunen der Harry Herstad har vore rådmann i halvtanna år.

Etter at eksdirektøren i Brann kom til rådhuset i Fitjar, er så godt som alle etatssjefane skifta ut. Han har òg sørgt for at alle økonomiske forhold er komne oversiktleg på bordet etter at rekneskapen gjennom fleire år er pynta på blant anna ved hjelp av fondsoverføringar.

I år har skulen i Fitjar måtta ta nedskjeringar som har vore nødvendige. I neste års budsjett står helse- og sosialsektoren for tur. Blant anna er det lagt opp til at heimehjelpstenesta skal reduserast. Noko ordførar Agnar Aarskog (Ap) fredag signaliserte at han vil kjempa imot.

— Det er klart at det er ein del gamle synder me no må gjera opp for. Med den store utskiftinga av rådmenn vi har hatt dei siste ti åra, måtte det bli noko uoversiktleg med økonomien, seier ordførar Agna Aarskog.

Harry Herstad vil ikkje berre skulda på interne forhold i Fitjar kommune for den dårlege økonomien. Staten må ta sin del.

— Det går føre seg ei løpande, systematisk drenering av kommuneøkonomien, seier Herstad.