• UTBETRING: E39 er sterkt ulukkesutsett, med 15 omkomne og 283 skadde personar dei siste 15 åra.

Ryddar dødsstrekning på E39

Risikoutsette E39 over Stord får ei trafikkfelle mindre.

Etter år med utsetjingar og forhandlingar går Statens vegvesen til hausten endeleg i gang med utbetringa av det trafikkerte Vabakkjen-krysset på E39 ved Leirvik.

Eit eige filterfelt for E39-trafikken frå Sandvikvåg-ferja skal gjera trafikkavviklinga betre, og fjerna irritasjonsmoment for biltrafikken frå Leirvik som i dag må venta lenge i krysset på passerande ferjebilar.

To rundkøyringar, filterfeltet og to fotgjengar- og syklistundergangar er kalkulert til å kosta 26 millionar kroner, og vil ta halvtanna år å byggja.

- Det blir også ei tryggare trafikkavvikling, seier Vegvesenets prosjektleiar Roberto Balzer. E39 er sterkt ulukkesutsett, med 15 omkomne og 283 skadde personar dei siste 15 åra.

Prosjekt Vabakkjenkrysset skal lysast ut på anbod før sommarferien, med anleggsstart i oktober eller november, ifølgje Balzer. Prosjektet er komplisert, og vil ikkje stå ferdig før ved årsskiftet 2013/2014.

Les også

Siste fra Lokalt

o Rykket på brann i hus

Brannveset dro mannsterke til Løbergsveien. Engangsgrill hadde skylden.

- Det er helt håpløst

Kommunesjef Atle Kleppe fortviler over bergensernes bossvaner.

Brann i blokk i Fyllingsdalen

En person skal bo i leiligheten.

o Ras ved Odda

Tyssedalsvegen ble stengt, åpnet og deretter stengt igjen.

Stengt badeplass på
årets varmeste dag

Trafikkaos på Kyrkjetangen. - Dette var korttenkt.

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker