PER MARIFJÆREN

Politiet har tidlegare stadfesta at Slåtten vart drepen inne i skogholtet der ho vart funnen, eit par meter frå fortauet og den sterkt trafikkerte Angedalsvegen i Førde.

Føle seg tryggare

Det tette lauvverket var sterkt medverkande til at det gjekk over eit døgn før ho vart funnen. No har kommunen bestemt seg for å gjere noko med plassen som står i sentrum for det uoppklara drapsmysteriet i Førde.

— Vi har lenge hatt i tankane å rydde skogen der, og no meinte vi at tida var komen, seier teknisk sjef i Førde kommune, Bernard Øberg. - Vi ønskjer å viske ut spora etter tragedien på denne plassen, og å gjere plassen litt lysare. I tillegg vil gjerne folk som passerer føle seg litt tryggare når den tette skogen er vekke.

Det siste er truleg eit poeng i seg sjølv, ettersom det dei siste åra har vore fleire meir eller mindre alvorlege episodar med vald eller forfølging langs nettopp denne vegen i Førde sentrum.

Avhøyrer tipsar i dag

I går vart det kjent at ein mann i eit fengsel på Austlandet meinte å kjenne igjen hettemannen, men at politiet hadde prestert å legge tipslappen i feil bunke. I tipset bad mannen om å få forklare seg nærare overfor etterforskarane, noko som truleg skjer i dag:

— Vi jobbar no med å sjekke dette tipset, men det kan ta litt tid, seier Førde-lensmann Kjell Fonn til Bergens Tidende. - Blant anna må vi ha bistand frå det lokale politiet der denne tipsaren sit fengsla, og tilbakemeldinga derfrå er at avhøyret av vedkommande truleg vil skje torsdag.

Ei rekke meldingar på sms gjer at tipsaren er rimeleg sikker på at opplyst at hettemannen var i Førde den aktuelle helga.

Ifølgje avisa Firda har politiet til saman fått inn mellom 75 og 80 tips etter at det gjekk ut med bilde på den såkalla hettemannen. Mange av desse tipsa gjeld namngitte personar, og politiet skal ikkje ha fått sjekka ut alle.

ÅSTADEN: Her vart sjukepleiestudenten Anne Slåtten drepen tidleg om morgonen søndag 6. juni. No ryddar kommunen opp i det tette skogholtet, som ligg kloss i den sterkt trafikkerte Angedalsvegen i Førde sentrum.
Foto: EIVIND H. NATVIG
ÅSTADEN: Her vart sjukepleiestudenten Anne Slåtten drepen tidleg om morgonen søndag 6 juni. No ryddar kommunen opp i det tette skogholtet, som ligg kloss i den sterkt trafikkerte Angedalsvegen i Førde sentrum.<br/>Foto: EIVIND H. NATVIG