— Det er frustrerande å sjå prosjekt bli maltraktert på denne måten. Politikarane ser ut til ikkje å vita korleis eigne vedtak skal følgjast opp, seier dagleg leiar Gustav Oma i Oma Baatbyggeri, som har tolv mann permittert grunna oppdragstørke.

Snøggbåtverftet på Stord har i år sett kontraktar fara, fordi fylkespolitikarar i Troms og Møre og Romsdal ikkje har funne ut korleis ordninga med statsstøtta ruter på tilbod skal organiserast.

Oma har også vore høgaktuell for byggeoppdrag i den omfattande flåtefornyinga som HSD har lansert, men som i haust er utsett fordi den nye fylkesutvalet i Hordaland ikkje lenger vil bitta seg til langkontrakt med HSD.

HSD til erstatningssak?

Hordaland fylkesutval gjekk i går inn for at snøggbåtrutene i fylket skal lysast ut på anbod frå 1. januar 2006. I dag tek Hordaland fylkesting stilling til framlegget. Dermed blir ein avtalt fireårskontrakt med HSD kutta ned til to år.

Med slike vilkår vågar ikkje HSD å investera i 3 - 6 nye snøggbåtar, som kan gje skytteltrafikk i Sunnhordland og ei ny direkterute Kvinnherad - Bergen, og med over 20 prosent reduksjon i dirvstoffutgiftene pr. fartøy.

Før jul i fjor vedok fylkestinget ein fireårig såkalla kvalitetsavtale med HSD om drift av snøggbåtar i Hordaland fram til 2008. Juridisk seksjon i fylkeskommunen har kome til at avtalen kan brytast. Avtalen blei aldri underskriven, fordi HSD og fylket først skulle meisla ut ein ny snøggbåtstruktur. Dagens snøggbåtruter er subsidiert med knapt 40 millionar kroner i året.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen er likevel redd for at HSD Sjø blir påført så stor skade at selskapet vil fremja erstatningskrav. Slike krav er til no ikkje sett fram av HSD i fylkeskommunen sine drøftingar med selskapet.

HSD Sjø skriv i eit brev til fylkeskommunen til at selskapet føler seg handsama «lite ryddig». HSD har blant anna gjort fleire utgreiingar som vil vera viktige i ein tilbodskonkurranse, og at selskapet har innført eit nytt billetteringssystem i tråd med avtalen frå 2002.

«Unntakstilstand»

Fylkesrådmannen uttalar at det blir krevjande å leggja HSD sine samanvevde og busskorresponderande snøggbåtruter ut på tilbod. Fylket har ikkje erfaring med slikt arbeid, og vil bruka dei to komande åra til førearbeid og tilbodsevaluering.

— Eg fryktar at dei «rotar» vekk ein konsesjonsperiode. Dermed skjer det inga utvikling av ruteopplegget, HSD får ikkje utvikla seg, og me får ikkje oppdrag, seier Gustav Oma i Oma Baatbyggeri.

— Fylkesrådmannens framlegg fører i realiteten til to års unntakstilstand i båtdrifta. Tiltrengte forbetringar uteblir. Ei løysing kan vera å starta med eit par ruter på tilbod og halda på fireårsavtalar for dei andre rutene til ein vinn erfaring, seier Øyvind Lernes i Rosendal Utvikling, som har sett fram til HSDs nye snøggbåt mellom Kvinnherad og Bergen.