Den Kypros-registrerte skandalebåten er no på veg til Riga, hovudstaden i Latvia.

Alt tidleg onsdag var skipet på veg, men blei då stoppa. Men seinare på dagen har skipet rett og slett greidd å stikke av.

No kjem losoldermannen til politimelde saka. Han ville i utgangspunktet at eit kystvaktfartøy skulle eskortere skipet ut i internasjonalt farvatn.

Båten har lagt i arrest i Vågsøy i sju månader. Men då eigarane endeleg greidde å stable nok pengar på beina til å få skipet frigitt for 14 dagar sidan, gjekk det ikkje betre enn at maskinen stoppa. Med 90 tonn olje og drivstoff på tankane dreiv båten mot land i Bremanger. Berre utruleg flaks, ein slepebåt låg tilfeldigvis i kjølvatnet, hindra grunnstøyting og ei miljøkatastrofe.

Båten blei ankra opp på grensa mellom Flora og Bremanger. I går var maskinen reparert, og båten segla sin eigen sjø.