Departementet øyremerkjer 80 millionar frå Nasjonal Transportplan til å heve standarden på stamvegen gjennom sentrum i Nordfjordbygda. Anleggsstart blir truleg rett etter nyttår.

Strekninga i Stryn er ein av få som er att utan gul midtstripe på riksveg 15 frå Måløy til Otta. I tillegg er den sterkt trafikkerte vegen også skuleveg for mange unge stryningar.

Utanom å drysse vegmillionar over kommunen, skal statsråden opne Stryn fjernvarme og besøkje bussfabrikanten Vestbuss. Her skal ho sjå den første barnehagebussen i landet.

Samferdsleministeren kjem til Stryn med NTP-midler fredag.
Scanpix (arkiv)