Gunnar Wiederstrøm

— Her ute på kysten er braken fiende nummer ein. Det tek ikkje mange år frå sauen forsvinn frå utmarksbeite til braken tek over landskapet, seier Bakkebø.

Kostar slit

Men på Olsvoll har bøndene gått til motangrep. Her lyser grasdekte åsrygger irrgrønt i den skarpe sommarsola. For 30 år sidan var det eit vanleg syn på Radøy. Det var før braken åt seg inn på gamle kulturbeite og endra landskapet. Frå utsiktspunktet vårt ser vi korleis brake, lauvkratt og granskog dominerer.

Det har kosta bøndene slit å rydda utmarksbeite for seige brakekvister. Nær 200 mål er rydda med handmakt.

— Vi trivst best i opne landskap, forklarer gardbrukar Jostein Tjore med eit smil.

I fjor fekk han og naboane kulturlandskapsprisen og 100.000 kroner som takk for det omfattande arbeidet.

No skal alle bønder i Hordaland som vil gjera ein innsats for å ta vare på kulturlandskapet få pengar for å vera gartnar i utmarka.

— Det er svært viktig at bøndene tar vare på kulturlandskapet. Verdsetter ikkje folk flest kulturlandskapet, er landbruket ferdig, seier landbruksdirektør Ole Bakkebø.

Eige tilskot

Han har vore med på å arbeida fram det regionale miljøprogrammet som frå hausten skal overrisla landbruket i Hordaland og Hedmark med 16 millionar kroner.

— Det er særleg kystlandskapet og dei brattlendte gardane langs fjordane som kjem til å nytta godt av desse pengane, seier Bakkebø.

Hos landbruksdirektøren har dei mellom anna tilskot til organisert beitebruk, til skjøtsel av verdifullt innmarksbeite og kystlynghei og til skjøtsel og forvaltning av brattlendte bruk.

— Vi betaler bøndene for det svære meirarbeidet det krev å halda bruka og driftsformene i hevd. Det er jo dette som er krevjande.

På Olsvoll skal dei halda fram med å rydda i overgrodd beitemark. Når braken er fjerna med handmakt, er det sauen som overtek.

— Vi må halda oppe eit beitepress som gjer at ikkje krattet tek over på ny, fortel Einar Borgund.

Dei satsar på spelsau som kan gå ute heile året. I tillegg skal dei gjera området tilgjengeleg for både bymann og stril. Det kjem kart, stiar skal merkast og det vert sett opp parkeringsplass.

— Dette prosjektet passar som hand i hanske med intensjonane bak det regionale miljøprogrammet, roser landbruksdirektør Bakkebø og oppmodar bønder i Hordaland om å koma opp med andre prosjekt og søka om pengar.

GRØN OG STIKKANDE: Den er seig, grøn og stikkande. Den breier seg utover og i ferd med å vinna overmakta i det vestlandske kulturlandskapet. Det vil landbruksdirektør Ole Bakkebø gjera noko med.<p/> HELGE SKODVIN (foto)