Han er oppgitt og fortvila over at russiske Nadja Butova ikkje vann fram mot Utlendingsnemnda ved staten. No fryktar han for framtida til den populære kantineassistenten ved skulen.

Elevar og lærarar har engasjert seg sterkt med både innsamlingsaksjon, nettside og brev til stortingspolitikarar for at den russiske kvinna og dottera hennar skal få arbeidsløyve og få bli i Noreg. No er alt uvisst.

– Det er berre ein ting å seie. Dersom dette går skikkeleg gale og dei blir kasta ut av landet, har eg mista trua på både politikarar og systemet, seier Kallevik.

Fryktar for livet

I Oslo tingrett fortalde Butova om mannen hennar som blei drepen sommaren 2000 heime i Alma Ata i Kasakhstan. Årsaka skal i følgje Butova vera at han på eiga hand dreiv etterforsking av ei valdtekt og drap på søstera si.

Han peika ut ein gjerningsmann som var kasakh og som tilhøyrde ein stor familie med kontaktar i politiet. Gjerningsmannen gjekk fri. Mannen hennar skal óg ha blitt truga til å skriva under eit gjeldsbrev på 15.000 dollar.

Dette er pengar Butova fryktar ho vil bli stilt til ansvar for dersom ho må venda tilbake.

I følgje norsk lov må søknader om arbeidsløyve vera poststempla før innreise til Noreg. Frykt for forfølging eller fengsling i heimlandet gjer at Butova ikkje vågar reisa heim for å søkja om arbeidsløyve.

– I verste fall bryta lova

I dommen frå Oslo tingrett kjem det fram at retten er einig i Utlendingsnemnda si vurdering om at Nadja Butova ikkje kan sjåast på som ei flyktning som står i fare for å mista livet eller bli utsett for umenneskeleg handsaming.

Retten finn det heller ikkje bevist at denne saka er handsama annleis av nemnda enn andre liknande saker der mindreårige barn er involvert.

Tingretten frifann difor staten ved Utlendingsnemnda og pålegg Butova å betala motparten sine sakskostnader på 50.000 kroner.

– Eg vil ikkje kommentera dommen utover det at vi meiner den er riktig, seier Steffen Kvisler, advokat for Utlendingsnemnda.

Bergens Tidende fekk ikkje kontakt med Nadja Butova sin advokat i går.

Lars Kallevik i støttegruppa for Nadja har ingen plan B på ståande fot.

– Me får berre lesa domspremissane og sjå om det er verdt å anka saka. Alternativt får me køyra saka politisk. I verste fall må me bryta lova, men det er umogleg å sei no, seier Kallevik.

FÅR STØTTE: Elevar og lærarar på Kvinnherad vidaregåande skule har engasjert seg sterkt for at Nadja Butova skal få bli i Noreg. Her saman med lærar Lars Kallevik. ARKIV