— Tung sjø og motvind gjorde at skipet, som ikkje hadde last ombord, ikkje klarte å avansere i forhold til land, seier vakthavende redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge, Bjørn Magnussen, til bt.no. Det var ikkje på noko tidspunkt problem med sjølve skipet eller motorane til skipet.

Kystvaktskipa "Lafjord" og "Ålesund" gjekk til "Kuban" for å vere i beredskap. Ifølgje Kystvakten deltok også fleire fiskebåtar i aksjonen.

— Det er ein tankar på 100 000 dødvektstonn som melde om problem med framdrifta. Kapteinen sa det ikkje var fare på ferde, men me likar ikkje å ha ein mogeleg forureiningsfare drivande langs kysten. Me satte alle ressursar i beredskap, seier beredskapsdirektør Tor Christian Sletner i Kystverket.

"Kuban" låg ved 13-tida rundt 10 nautiske mil vest av Stadlandet. Vel tre timar seinare hadde det gått vidare for eigen maskin og låg 18-20 mil vest av Bremangerlandet.

KV "Ålesund" vil fylgje fartøyet på radar utover kvelden og natta, og rapporterer til Kystverket om noko uforutsett skulle oppstå.

Alle slepebåter er demobilisert. Om situasjonen skulle endre seg vil Kystverket vera raskt tilbake i høgt beredskapsnivå.

Dei to slepebåtane, "Multi Mammut" og "Max Mammut", er i eigen beredskap i området Måløy/Florø.

"Kuban" er 243 meter lang og 42 meter brei. Den er bygd i år 2000 og registrert i Liberia. Eigaren er Vizelle Maritime, med hovudkontor i London.

I DRIFT: Tankskipet "Kuban" kom i dag i drift ved Stad. ARKIVFOTO: JO-EIRIK VEE