— Saka kan bli utvida. Vi har ei svært brei etterforsking, med samarbeid mellom fleire politidistrikt, Kripos og Tollvesenet, seier politiadvokat Ivar K. Iversen i Sogn og Fjordane.

I slutten av februar slo politi og tollvesen til mot ein russiskregistrert varebil på Fitjar. To nordmenn og to russarar var i ferd med å demontere innreiinga i varerommet, der det var gøymt 170.000 russiske smuglarsigarettar i vegger og tak.

Politiet fann også 100.000 kroner i kontantar, pengar dei trur skulle vere betaling for smuglarvarene.

Tilstår sigarettsal i to år

Mannen politiet meiner har organisert smuglinga, ein sjølvstendig næringsdrivande i 30-åra frå Vågsøy, vart tatt saman med sigarettane på Fitjar.

Politiaksjonen var nøye planlagt. Smuglarbilen vart følgd frå han kom inn i Sogn og Fjordane frå nord, og heilt ned til Fitjar.

Ein sambygding av forretningsmannen i Vågsøy har seinare tilstått at han dei siste to åra har selt vidare sigarettar for ligaen. Heime hos mannen fann politiet ytterlegare 30.000 smuglarsigarettar.

Nektar skuld

Den påståtte hovudmannen er også frå før på kant med påtalemakta: Det er nettopp tatt ut tiltale mot han for smugling av 10.000 liter sprit til Drammen.

— Klienten min nektar straffeskuld både for sigarettane og spriten, seier forsvarar Kim Erling Gerdts.

Mannen sit varetektsfengsla - i første omgang til over helga.

— Vi vil kanskje be om at varetektsperioden blir utvida. Saka ser ut til å ha fleire forgreiningar, seier politiadvokat Iversen.

Ein av dei tre russarane har tilstått, og møtte i går i Sunnhordland tingrett, tiltalt for å ha snytt staten for 416.000 kroner i toll og avgifter. Dei to andre russarane skal svare for seg i retten i neste veke.

KAMUFLERT: Sigarettane var gøymt i vegger og tak inne i varerommet på den russiskregistrerte bilen. (FOTO: TOLLVESENET)