EYSTEIN RØSSUM

Politi og tollvesen gjekk til aksjon etter at ein mann frå Aserbadjan vart pågripen medan han prøvde å selje sigarettar til forretningar i Måløy.

Fire tollarar vart sendt frå Ålesund for å hjelpe dei to tollarane som er stasjonert i Måløy. Saman med politifolk frå Vågsøy lensmannskontor søkte dei igjennom båten.

— Vi har så langt funne 38 kartongar som var gøymt vekk. I tillegg manglar 50 kartongar som ifølgje skipets papir skal vere om bord, sa kontorsjef Helen Sjåholm ved Tollvesenet i Ålesund til BT i går kveld.

Mannen som vart tatt i forsøket på å selje sigarettar sat i går kveld på Vågsøy lensmannskontor. Han kan vente seg ei bot.