Hovudrussestyret inngjekk tidlegare i år ei høgtideleg avtale med sjølvaste fylkesopplæringsdirektør Gunnar Dale om at dei ikkje skulle finne fram russedressane før onsdag 24. april.

Men det gjekk ikkje betre enn at russen kort tid etter braut heile avtalen. Først arrangerte dei russekro den 9. april — rett nok utan å ta på dressane. Deretter kalla dei inn til storstilt russedåp fredag 19. april, nesten ei veke før startskotet eigentleg skulle gå.

— Kva skjedde, russepresident Thorstein Johannessen? Gløymde de avtalen heilt?

— Eh.... Ikkje direkte gløymde han, kanskje. Men tanken på avtalen var ikkje heilt inne i biletet då vi bestemte datoen for russedåpen.

Torsdag møtte to representantar for russestyret opp på kontoret til opplæringsavdelinga til fylket. Der bad dei om fortsatt godt ver, både skriftleg og munnleg.

«Vi vil ikke fremstå som frekke og håper dere aksepterer unnskyldningen vår (...)», skriv russen. Den tonen kan fylkesopplæringsdirektør Gunnar Dale like:

— Eg synest den høflege måten dei opptredde på var ryddig og grei. Vi har gitt dei dispensasjon til å nytte dressane fire timar den 19. april, seier Dale.

Som tykkjer evnen til dialog og diskusjon er langt viktigare enn bestemte datoar.