Det er to ting eg bør vite før eg møter det russiske mannskapet, fortel tolken idet vi stig om bord pådekket.

– Slik dei ser det har jenter ingenting om bord på ein ubåt å gjere. Heller ikkje sivilistar, og spesielt ikkje utlendingar.

Godt utgangspunkt for ein kvinneleg journalist utan det minste militær erfaring. Første utfordring er å fote seg ned stigen i det trange røret som fører ned i ubåten. Her bør ein ikkje ha verken høgdeskrekk eller klaustrofobi.

– Dont worry! roper skipssjefens tolk, fleire meter under meg.

Denne helga var russiske «Magnitogorsk» på besøk i Bergen i høve det norske ubåtvåpenet sitt 100-års jubileum. Vi får ta del når sjef for kysteskadren, Håkon Tronstad og nestkommanderande i ubåtvåpenet, Åge Bernt Svensen, blir vist rundt på russisk territorium.

Vi bevegar oss gjennom smale gangar der ein så vidt kan passere ein møtande. Heten er trykkande og ein må ned i knestilling for å ta seg gjennom runde, trykkfaste skott, som skil avdelingane frå kvarandre. Om ein må rømme i tilfelle brann eller vanninntrenging, blir desse stengt.

Skjuler utstyr

Det russiske ubåtvåpenet er kjent for sitt strenge hemmeleghald. Det første som hender er også at BTs fotograf må leggje frå seg kameraet.

Russarane er også løyndomsfulle overfor sine norske kollegaer, og svarer unnvikande på visse tekniske spørsmål frå gjestane. Delar av utstyret i kontrollrommet er dekka over med presenning. Sonarsystemet, det vil sei lydakustikk for radar under vatn, er blant utstyret russarane ikkje vil dele med utlendingar.

– Også vi har hemmelegheiter, men russarane er langt strengare, seier Åge Bernt Svensen, nestkommanderande i ubåtvåpenet.

Dette til trass for at teknologien dei bruker er utdatert etter norsk standard.

– I teknologi er det to generasjonar skilnad mellom Norge og Russland. Men dei har tillit til det manuelle systemet. Det gjer det også enklare å reparere, seier Svensen.

Eldre teknologi krev stort mannskap, og normalt er det 57 mann om bord i den 76 meter lange Kilo-klasse ubåten med to dieseldrivne motorar. Sjølv om ubåten er stor i norsk målestokk, er det lovleg trongt om bord.

Skåler i vodka

Etter omvisinga inviterer russarane til gjestebod i befalsmessa. President Dmitrij Medvedev overvakar bordet som byr på smårettar og vodka. Den første skålen, i ei lang rekke, er til ære for det norske ubåtvåpenet sitt jubileum.

– Takk for invitasjonen. Det er ei ære for meg og mannskapet å vere her, seier skipssjef Aleksej Aleksandrovitsj Bazjenov til sine norske ubåtvener.

Det fyllest opp med vodka og praten går lett med god hjelp frå fleire tolkar. Bazjenov seier han har lært mykje av opphaldet i Bergen. Men ei erfaring vil han slett ikkje ta med seg tilbake til heimlandet.

– Å ha kvinner om bord. Det betyr ulykke, slår skipssjefen fast. I tilegg til overtru, har dei også ei praktisk forklaring ved at båtane ikkje er tilrettelagt. Inntil 14 menn søv på samme rom og arbeidet er fysisk krevjande.

Russarane er tydeleg forundra når Håkon Tronstad fortel at han var sjef for to kvinner om bord på ubåt allereie i 1987.

– Eg var skeptisk, men blei veldig overraska då eg oppdaga at dei var akkurat like flinke som mennene. Men det var ein viktig skilnad mellom kjønna: etter to veker var kvinnene framleis velstelte og velduftande, seier Tronstad.

Russarane ler og temaet engasjerer.

– Var kvinnene gift og viss ikkje, kor lang tid tok dei før dei blei gift? spør Bazjenov.

– Ingen mann ville tillate at kona var om bord på ein ubåt, i alle fall viss han sjølv har vore på ein ubåt, repliserer Tronstad muntert.

Vodkaglasa blir fylt på nytt. Ein skålar for dei som er til sjøs, for godt naboskap og til og med for damene. Vi spør korleis livet er om bord, langt frå familiane.

– Det er prega av teneste, vi har heile tida oppgåver og har ikkje tid til å tenkje på andre ting. Men vi tar alltid med bilete av familien og med godt mobilnett er det også mogleg å ringe heim. Men den viktigaste eigenskapen for å vere på ubåt er å kunne vente, og det kan vi, seier Bazjenov, som har levd dette livet i ni år.

Helge Sunde
Helge Sunde
Helge Sunde
Helge Sunde
Helge Sunde
Helge Sunde
MÅLFRID BORDVIK