– Kols? Kan det vera ein ny kjønnssjukdom?

Kunnskap om mangt og mykje stod sentralt då Voss Vegstasjon og ei rekke samarbeidspartnarar skipa til rebusløp og noko attåt i går ettermiddag – før russen gav seg i kast med russedåp og tilhøyrande fest.

– Det er viktig at unge menneske ikkje festar på tom mage, seier helsesøster Maries Custers.

I hallen der russebilane har vore inne til grundig sjekk, har elevar ved kokkelina på Rogne vidaregåande skule teke oppstilling med mat i haugevis. Custers gler seg for kvar pølsebit som glir ned.

Nyttige råd

– Dette er kjempegøy, men det vart kanskje ikkje all verda med poeng, kommenterer Torill Herheim etter to rundar på glattkøyringsbanen i Bjørkemoen. Den litt tilårskomne VW Transportaren som er blitt grønmåla russebil, feia unna litt for mange kjegler på den kunstige glattisen. Fem grønruss frå agrononomlina på Voss jordbruksskule har spleisa på doninga.

Raudrussjentene Ingvild Hydle og Gunn Iren Gudvangen frå Voss Husflidskule tok utfordringa og let seg snurra rundt i ein bil, som om han rulla kast i kast utfor vegen og landa på taket.

– Du kan slå deg forferdeleg stygt dersom du utan vidare løyser ut setebeltet i ei slik stilling, føreles Frode Prestegard ved trafikkstasjonen.

Han forklarer korleis ein skal ta spenntak med begge føtene, om mogeleg, og eine handa, før ein løyser beltet med den andre. Og jentene greier seg godt.

Stiller opp

Det lokale Vegstellet har ikkje hatt problem med å skaffa seg samarbeidspartnarar til tiltaket. Også politi, brannvern, helsevern, hjelpekorps, bilorganisasjonar (NAF), og forsikringsselskap vil gjerne ha denne ungdomsgruppa i tale på positivt vis. Og lærarane ved dei vidaregåande skulane stiller opp for elevane sine ved å bemanna ein av postane i rebusløpet.

– Vi vil gjerne at dei unge trafikantane skal sjå på oss som samarbeidspartnarar, ikkje berre som kontrollørar som ligg på lur, seier inspektør Anne Margrethe Bø i Vegstellet.

Frikort

Over 200 av dei til saman 280 i russekulla ved dei fem vidaregåande skulane på Voss deltok tilskipinga på Vegstasjonen og i rebusløypa i går. Dei aller fleste har teke førarprøven her, for ikkje så veldig lenge sidan. Og dei siste vekene har russebilar i fleng vore inne til teknisk kontroll.

– Bilar som er godkjende etter ein slik grundig sjekk, får oblat som gir fritt leide gjennom tekniske kontrollar langs vegane i russetida, fortel Bø.

Som ekstra gulrot får alle deltakarane lodd i ei landsomfattande trekning. Vinsten er 20.000 kroner til russetur eller kva som helst.

RUNE SÆVIG
RUNE SÆVIG
RUNE SÆVIG