Du får ingenting gratis her i verda. Skal straumprisen ned, er dritvêr prisen vi vestlendingar må betale. For våtare og varmare vêr betyr meir nedbør til kraftmagasina, og lågare forbruk i hus og hytter.

Og det er akkurat det som no skjer, fortel seksjonssjef for kraftomsetning i BKK, Stein Erik Iversen.

— Før nyttår hadde vi eit vêrbilete med veldig tørt og kaldt vêr, kombinert med låge magasin. Det gjorde at straumprisen vart veldig høg. No etter nyttår såg vi at vêret har snudd noko, og det førte til at prisforventningane falt ganske momentant, seier han.

Prisane for levering i februar har gått ned med rundt 15 prosent. Prisane til oss forbrukarar har til no berre gått ned med seks prosent frå desember, men held dritvêret fram, vil òg straumprisen gå vidare nedover.

— Vêret framover blir veldig, veldig viktig for prisane, seier Iversen.

Han seier vêret påverkar prisane endå meir enn vanleg i vinter, fordi kraftmagasina er sterkt nedtappa. Så du kan rekne med at meteorologanes spådommar framover vil bli lese endå grundigare enn vanleg av kraftmeklarane.

Spår mildvêr fram til mars

Samstundes som straumprisen har gått ned, får folk snart tidenes største straumrekning i posten. Det skuldast som kjent at 2010 var eit av dei tørraste åra i historia, og at kraftdammane er tilsvarande slunkne.

Dessutan var november og desember (som straumrekninga gjeld for), iskalde. På Florida i Bergen var middeltemperaturen i desember minus 2,6 grader, det kaldaste som er målt sidan stasjonen vart bygd i 1903.

Kulden og det tørre vêret skuldast at vinden frå sør og vest, som plar bringe varme og nedbør over Vestlandet, svikta. I staden fekk vi høgtrykk, vind frå nord og aust, og nokre små, svake lågtrykk som berre gav nedbør på kysten, fortel statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

— No har vi meir vanleg vestlandsvêr, med ganske kraftig pålandsvind, som gjev regn på kysten og meir nedbør inn i fjellet der kraftmagasina ligg, seier han.

Regnet i låglandet held fram i morgon, så er det meldt tørrare og kaldare fram til fredag, før det igjen blir plussgrader og regn i Bergen i helga. I fjellet vil nedbøren kome som snø.

Og meir av denne «normalvinteren» vil vi få månadene framover, skal vi tru sesongvarselet frå Meteorologisk institutt for januar- mars.

— Det seier at temperaturen skal liggje mellom ein halv og halvannan grad over normalen i Sør-Noreg, seier Fagerlid.

- Og høgare temperatur betyr meir vestavêr og nedbør?

  • Ja, det må bety det. Viss vi får høgtrykk over Sør-Noreg blir ikkje temperaturane over normalen, seier han, og legg til at slike sesongvarsel sjølvsagt er hefta med ein solid dose uvisse.

Meir vatn i kraftdammane

Enno har ikkje nedbøren gjort særlege utslag i BKK sine kraftdammar. Men Erik Spildo, som leiar produksjonssentralen i BKK som overvakar dammane, er glad vêret har blitt meir normalt.

— Vi blir betre rusta fordi forbruket no går ned, seier han.

- Vil det seie at nedgangen i forbruket er den viktigaste følgjen av vêrendringa?

— Nei, det er kombinasjonen av forbruk og tilsig. Får vi ei normal snøutvikling, veit vi at vi får meir tilsig i løpet av sommaren.

— Kan de tappe magasina lenger ned no når de veit at snøsmelting vil fylle dei att?

— Eg vil snu på det: Viss vi no framleis hadde hatt kaldt vêr måtte vi ha tappa magasina så langt ned som mogleg for at det skulle vere lys i pæra på Vestlandet. No blir det ikkje det same presset.

- Så då kan de styre tappinga etter kva som løner seg?

— Ja, men viss vi hadde hatt kaldare vêr ville vi òg fått høgare prisar, seier han.

Slår sesongvarselet til, blir det mykje innevêr og mindre straumrekningar. Men kjem fimbulvinteren tilbake, kan det bli dyrt.

— Det er eit stort utfallsrom her: Viss vi får tørt og kaldt vêr kan vi få veldig høge prisar, seier Spildos kollega Iversen.