• Også i år vert det lagt opp rusfritt ”Natt til 1. mai” arrangement i den kommunale ungdomsklubben ”Vangsgryto”, opplyser ungdomssekretær Berit Midttun.

Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom Voss Lensmannskontor og den kommunale ungdomsklubben; slik det nå er innarbeidd gjennom mange år.

Dørene er opne frå kl 19:00 til kl 00:30. Aldersgrense er 9. klasse. Og inngangsbillett er ”Grønn ballong” – med andre ord: Fritt tilgjenge for ikkje-rusa ungdom.

Fleire aktivitetar

Arrangementet byr på ei rekkje aktivitetar og konkurransar med flotte premiar.

Tiltaket er kome i stand som fellesprosjekt mellom kommunen og Lensmannskontoret, for å utgjera eit rusfritt alternativ til dei uformelle ”friluftsfestane”, der mange unge rusdebuterer så altfor tidleg. Ei av eldsjelene bak prosjektet var nå avdøde lensmannsbetjent Bjarne Brandseth Dette engasjementet vert i år vidareført ved at familien set opp ein spesiell premie: Bjarne Brandseth sin minnepremie.

Flotte premier

Hovudpremie på arrangementet vert i år ein ny sykkel; i tillegg til diverse gåvekort, m.m. Premiane er heilt eller delvis sponsa av lokale Vossa-bedrifter.

Av aktivitetstilbod kan nemnast: ”Skrot-kunst” – ”Vegg-dekorasjon” – Quiz – Karaoke – Dansematter og Video-kanon m/storskjerm.