Det var klokka 15.08 at politiet blei varsla av eit vitne om tre unge gutar som sprang rundt på taket på Peppes Pizza på Danmark splass.

— Det var eit vitne som observerte dette på avstand. Me veit førebels lite, seier Bjarte Rebnord i Hordaland politidistrikt.

Både politi og ambulanse er på veg til staden. Brannvesenet er utstyrt med hoppemadrass, ifølgje politiet.

— Brannvesnet er framme på staden og på veg opp på taket med lift no, der var det ingen folk. Me avsluttar aksjonen, seier Rebnord.