— Det var rundt midnatt karen i trettiåra stal ein bil i Høyanger sentrum. Han køyrde med promille til nachspiel hos ein kjenning. Om lag klokka 02.00 pågreip politiet han heime hos kameraten. Karen har erkjent både biltjuveriet og å ha køyrt bilen i rusa tilstand, fortel politiførstebetjent Atle Jansen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt til bt.no.