— Bilen bar preg av å ha vore borti fleire plassar, seier lensmann på Stord, Odd Harald Hovland.

Politiet fekk melding om ein bil som køyrde vinglete nordover på E 39.

Sjåføren vart stoppa ved Studalen på Stord klokka kvart på sju i dag tidleg.

Rusa eller sjuk

Politiet meinte han var rusa på noko, og tok han med til sjukehuset for å ta blodprøve.

Men der vart mannen oppfatta som sjuk og lagt inn.

— No ventar vi berre på resultatet av blodprøven, seier lensmannen.

45-åringen hadde køyrt langt på morgonkvisten.

Frå grøft til grøft

Tidlegare var han borti ein bil på veg av ferja i Arsvågen.

Han rakk å køyra 87 kilometer etter ferjeturen, før han vart stoppa.

— På vegen nordover har han nok vore i grøfta fleire gonger. Vi får vera glade for at det ikkje skjedde alvorlegare uhell, seier Hovland.