Rundstal på veg til fengsel

Han skulle i fengsel, men rundstal først medpassasjerane.

Gammal vane er vond å vende. Då mannen tok hurtigbåten frå Bergen til fengselet i Sogn, klarte han ikkje å la vera.

Tre bærbare datamaskiner, eit visakort og litt toalettsaker var kome med i bagasjen då han etter båtturen stod ved fengselets port.

Fann sakene igjen
Medpassasjerane sakna sakene sine og melde frå til kapteinen.

To og to vart lagt saman. Tjuvegodset vart etter kvart funne i Vik fengsel og levert tilbake.

Lar nåde gå for rett
No har mannen stått til ansvar i Sogn Tingrett, etter båtturen frå september i fjor.

Sjøl om han er dømd seks gonger tidlegare for tjuveri og narkotikasaker, slepp han denne gongen med 30 timars samfunnsteneste.

Han er blitt rusfri og skal gifta seg. Retten lot dermed nåde gå for rett.

Les også

Siste fra Lokalt

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

«I kveld kan det bli
vanskelig å sove»

På Ostereidet barneskule mistet en elev sin stefar denne uken. - Når verden ramler i hop, må skolen vise omsorg.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger