Tjuvane slo til medan Sp-leiar Åslaug Haga og nestleiar Liv Signe Navarsete skulle ete frukost saman på hotellet dei budde på.

Medan dei to partitoppane forsynte seg med frukost, forsynte tjuvane seg med mellom anna mobiltelefonane, dei bærbare PC-ane og pengane til dei to politikarane.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane stakk tjuvane av i ein Audi, også den stolen. Tjuvane er så langt ikkje pågripne.