Regnet dundrar mot vindauga, men inne i den gule stova er det lunt og godt å vere. Sjuåringen Stian André har trekt beina oppunder seg i sofaen, og ser teiknefilm. Han er framleis sliten etter den dramatiske gårsdagen, men hugsar ikkje stort av det som hende. Bortsett frå at han køyrde både Mercedes-taxi og Hyundai-taxi, og at han og mamma fekk middag på Hau-keland Sykehus.

Men ho hugsar alt, og er framleis matt etter opplevingane.

— Det har ikkje gått heilt opp for meg enno. Eg kan ikkje forstå kvifor vi ikkje skal få hjelp, når det er heilt tydeleg at vi treng det. Kva skal eigentleg til? spør Sissel Irene Gjøvåg.

- Ingen ville hjelpe

Guten hennar har cerebral parese og epilepsi, og har hatt fire anfall dei siste tre vekene. Måndag i 14-tida drog dei to på tur til Åsane Senter, for Stian André har sommarferie og fri, og mor hadde lova at dei skulle gå i leikebutikken.

Då dei går av bussen, blir guten heilt stiv i kroppen, og dei set seg ned på ein fortauskant for å kvile. Då får Stian André eit kraftig epilepsianfall.

— Han vart endå stivare, heilt blå rundt munnen og kvit i andletet, og begynte å sleve. Eit så sterkt anfall har han ikkje hatt tidlegare, fortel Sissel Irene.

Ho blir redd. Ho løfter opp den stive ungen sin, og legg han over armane. Så spring ho inn på kjøpesenteret, mot Åsane Legesenter, som ligg i motsett ende av bygningen. Både mor og son hyler.

— Eg var ganske hysterisk. Han merka nok at eg var stressa, og fekk det verre. Men ingen spurde om dei skulle hjelpe, då vi kom springande. Det ville eg gjort.

Fastlegen ikkje tilgjengeleg

Heller ikkje på legekontoret var dei særleg hjelpsame. Der fekk Sissel Irene beskjed om at ho måtte ta kontakt med fastlegen sin, og ringde etter drosje til henne.

Så bar det av garde til Rolland Legekontor, framleis med det stive barnet i armane til mor.

Då Sissel Irene endeleg kom til i ekspedisjonen, forklarte ho kva som hadde skjedd, og bad om å få kome til. Men der fekk ho beskjed om at fastlegen var hos tannlegen. Dei prøvde, men fekk ikkje fatt i han på telefon.

Så var det å ringje etter ny drosje. Mor og son var på veg igjen, denne gongen til Bergen Legevakt. Der kom dei raskt til, men då var anfallet over, og Stian André bevisst igjen.

Legevakta sende dei til Haukeland Sykehus for undersøking. Der ville dei leggje guten inn for natta, slik at han kunne få EEG-sjekk dagen etter. Men på det tidspunktet var mor utsliten, og bad om å få kome tilbake neste dag.

- Aldri meir til fastlegen

Eit døger etterpå er Sissel Irene framleis i ein slags sjokktilstand. Å bli avvist ved to legekontor med ein svært sjuk unge har gjort sterkt inntrykk. Ikkje følte ho seg velkomen heller. Fastlegen sitt kontor kjem ho aldri til å oppsøkje igjen.

— Eg var livredd, og frykta at Stian André skulle få ein alvorleg skade. Eg oppfatta situasjonen som akutt, og trudde at eg skulle få hjelp. I det minste ein klapp på skuldra. Men eg fekk ikkje dét eingong.

DRAMATISK: Stian André (7) kan slappe av i sofaen dagen etter den dramatiske turen frå lege til lege. Mamma Sissel Irene Gjøvåg er framleis skaka etter rundturen som til slutt enda på Legevakta.
FOTO: HELGE SKODVIN