– Mine to løyver vil umiddelbart ta opp att all transport av RTV rullestol, skriv taxieigaren i eit brev til Helse Fonna.

Bergens Tidende fortalde i midten av mars om taxikonflikten på Stord som ramma pasientar i rullestol .

Helse Fonna har sidan i haust måtte bestilla rullestoldrosjar frå Bømlo og Kvinnherad – noko som har ført til lang ventetid for pasientar.

– Det er eit stort problem, sa Margareth Sørensen, leiar for køyrekontoret i Helse Fonna til BT i mars.

Årsaka var ein årelang intern strid i taxilaget på Stord. I brevet til Helse Fonna gjer taxieigar Larsen greie for tap av inntekt som følgje av at styret i taxilaget skal ha skrive kontrakt med Helse Fonna utan hans medverknad.

Han har to av tre rullestolløyve på Stord og måtte tena inn tapet ved alternativ køyring.

Larsen understrekar i brevet at han ikkje vil at konflikten mellom han og styret i taxilaget skal gå ut over kundane meir.

PÅ HJUL AT: Kjell Larsen vil no bruka sine to taxiløyver til å køyra rullestoldrosje. ARKIVFOTO: LENA VERMEDAL