– Då rullestolbrukaren forlot butikken slo tjuverialarmen inn. På fanget hadde han ein bag som inneheldt tjuvgods for rundt 1000 kroner, fortel butikksjef Torbjørn Andersen på Coop Obs.

Sjå BTV-innslag med overvakingsvideo!

Den eldre mannen hadde blant anna forsynt seg med cd-plater og ein radio.

– Han vart observert av kundar, som igjen gav tilbakemelding til oss, fortel Andersen.

Tjuvraidet vart også fanga opp av Coop Obs sitt overvakingsanlegg – bilete som BT altså har fått tillating til å trykka i dag.

Butikksjefen innrømmer at han er ekstra på vakt i vekene før jul.

– Me ser at mange let seg freista til å stela. I periodar ferskar me ein butikktjuv omtrent dagleg. For å rusta oss til julerushet kjem me til å leiga inn sivile vektarar, varslar Torbjørn Andersen.

Lekre og freistande

Ein fersk prognose frå Handels— og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) syner at butikktjuvar i løpet av desember vil forsyna seg med varer til ein verdi av 51,1 millionar kroner i Hordaland og Sogn og Fjordane. Av dette så vil butikkane sine eigne tilsette stela for 21 millionar kroner.

– Me lever av å gjera oss lekre og innbydande. Då er det dessverre enkelte som let seg freista. Det må me leva med. Likevel gjer me det me kan for å begrensa problemet, seier senterdirektør Knut Eliassen ved det største kjøpesenteret i Noreg, Lagunen Storsenter i Bergen.

Det totale desembersvinnet i norske butikkar vil passera rekordhøge 533 millionar kroner.

– Langfingra kundar vil stå for nesten halvparten, eller 252 millionar kroner. Den nest største posten - 176 millionar kroner – skuldast utru tilsette, fortel sikkerhetskoordinator Thor Martin Bjerke i HSH.

Butikkdetektiv

Bjerke opplyser at handels- og servicebransjen årleg investerer for 1 milliard kroner i sikkerhetsutstyr. Utan at tjuvane let seg stoppa.

– I eitt av verdas rikaste land har me altså problem med å skilja mellom mitt og ditt. Det er frykteleg frustrerande. Det som likevel er verst er at mange foreldre brukar borna sine bevisst, og skjuler tjuvgods i skulesekkar og barnevogner, opplyser Bjerke.

Roar Myhrer er Noregs mest kjente butikkdetektiv. I løpet av 20 år har heile 5000 tjuvraddar gått i garnet hans. Han fortel at han avslører folk i dei fleste sjikt. Tannlegar, fysioterapeutar, overlegar og advokatar – ingen slepp unna falkeblikket.

– Dei einaste skalpane eg manglar i beltet er representantar frå Kongehuset og Løvebakken. Likevel manglar det ikkje på kjendisar, forsikrar Myhrer.

– Tek ikkje ansvar

Per oktober 2006 var 1485 tjuveri frå butikk meldt til Hordaland politidistrikt. Politioverbetjent Morten Ørn i analyse- og registerseksjonen trur det er store mørketal.

– Dessverre er det nok mykje som ikkje kjem oss i hende.

I følgje politiet er det også mange butikkeigarar som ikkje giddar å møta i konfliktrådet i saker som involverer barn. Årsaka er at prosessen er for tidkrevjande. Politioverbetjenten meiner dette er fråskriving av samfunnsansvar.

– For barnet så er eit møte med konfliktrådet langt meir førebyggjande enn om foreldra berre betalar førelegget og får saka ut av verda på den måten, slår Morten Ørn fast.

Rullestolbrukaren på dette overvakingsbiletet vart sist torsdag teken på fersken på Coop Obs på Lagunen i Bergen med tjuvegods for 1000 kroner.
Silje Katrine Robinson