Vogntoget fekk motorproblem i oppoverbakke mot Stord i 13.30-tida sundag. Det oppstod oljelekkasje som la seg i vegbanen og røykutvikling i motoren.

Trafikken blei stoppa berre kort tid, inntil politi og brannvesen kom til staden. Oljesølet blei strødd, og trafikken fekk sleppa forbi med redusert fart. Traileren blei seinare taua ut av den undersjøiske tunnelen.