HEIDI RAVNESTAD

Rottene ynglar som aldri før i det milde vintervêret. Høge temperaturar gjev nemleg gode oppvekstvilkår, og dei brune djevlane lev no det gode liv i gater og kjellarar. Huseigarar fortvilar, skadedyrsbekjemparane gnir seg i nevane. Held dette vêret fram, vil dei få mykje å gjere dei neste månadene.

– Det er heilt typisk at rotteplaga aukar dei åra vi har det mildt, seier Kjell-Rune Sivertsen i ISS Skadedyrservice Actum.

Frys i hel ved null

Også skadedyrfirmaet Anticimex har merka ein auka pågang. Med gift og klappfeller prøver dei å få bukt med rotteproblema hjå private huseigarar. Avdelingsleiar Lasse Botnen meiner det er mykje som tyder på at det i år er fleire rotter enn normalt.

– Rotter frys i hel når gradestokken kjem under null, noko den ikkje har gjort hittil i år.

Om kulden skulle kome, vil rottene trekkje inn. Difor bør huseigarane ta sine førehandsreglar, seier Botnen.

– Det er viktig at folk fjernar boss rundt hus, og syter føre at alle inngangar er tetta.

Mat og søppel tiltrekk seg rotter, og den halvspiste kebaben frå laurdag natt blir eit herremåltid for gnagarane. Kjell— Rune Sivertsen meiner bybuarane må skjerpe seg.

– Kvar enkelt bergensar må ta seg i nakken, og la vere å kaste frå seg mat på gata.

Ikkje berre eit byfenomen

Tidlegare har rotter først og fremst vore sett på som eit sentrumsfenomen, men det er ikkje lenger tilfelle, meiner Sivertsen.

– Det er stadig fleire som kontaktar oss. Vi har mange oppdrag i bydelar som Fana og Åsane, men også ute i distrikta.

Det er heller ikkje berre gamle hus som blir invaderte.

– Vi riv ned vegger og plukkar rottekadaver i nye einebustader som har kosta millionar av kroner, fortel Sivertsen.

Bergen kommune registrerar meldingar som kjem om rotteplager. Dei har førebels ikkje hatt større pågang enn vanleg, men vasstanden er høg og vassleidningane fulle.

– Vi veit at rottene er der og ser dei av og til når vi rører oss nede i rørsystemet, seier overingeniør i Bergen Vann KF, Asbjørn Prestegård.

– Utidig livsstil

Kommunen og helsevernetaten har ikkje ansvar for å ta hand om rotteplagar i private hus og bygårdar, men driv årlege førebyggingskampanjar for å minne huseigarar om deira plikt til å førebyggje og fjerne eventuelle skadedyr.

– Det er to faktorar som må vere på plass for å forhindre rotteplagar i gatene. Det eine er å ikkje kaste mat på gata. Det andre er å rydde bort kasser og liknande, som kan fungere som skjulestader for dyra, seier byveterinær i Bergen, Ingvar Tveit.

Han utelukkar ikkje at graving i sentrum kan få rottene opp til overflata, sidan dei ofte oppheld seg i rørsystem under bakken.

– Direkte farlege er rottene ikkje, men det er deira utidige livsstil og smitten dei kan dra med seg som er problemet.