— Det har jo vore rotter utanfor her så lenge vi har drive her. Men no har det auka på, seier Greni til bt.no.

Han meiner problemet ligg i muren mellom plassen framfor Ricks og den næraste trappa.

- Velkjent pissekrok

— Dette er jo vel kjent som ein av byens beste pissekrokar. Muren er dårleg vedlikehalden, og fugene har smuldra vekk. Dermed er heile muren full av sprekker og holrom der rottene trivest godt, seier han. - Eg går ut frå at det er pisselukta som tiltrekkjer seg rottene.

I eit brev til mattilsynet skriv Greni at han har teke saka opp med Grønn Etat i kommunen samt Forsvarsforeningen, utan å få nokon respons så langt. Det einaste som er gjort, er at boksar med rottegift er blitt utplassert.

— Det ser bare veldig utrivelig ut, og våre vaktmestre må fjerne døde rotter som ligger i området, skriv han.

Vidare fortel Greni at rottene spring over plassen og inn på uteserveringa, til sjenanse for både forbipasserande og gjester. Han viser til at benkane på begge sider av buskene er ein populær tilhaldsstad for rusmisbrkarar, og at vaktmeistrane ved Ricks må halde reint for sprøytespissar i området.

— Dette er en kjedelig oppgave, og det med sprøyter er spesielt bekymringsfullt med tanke på barna som går forbi her og skal på DNS, skriv han, og avsluttar med at han håpar Mattilsynet kan få gjort noko med problemet.

Rottesak på etat-vandring

Men Mattilsynet i Bergen har allereie send saka over til Helsevernetaten i kommunen, som dei meiner er rett adressat for saka. I Helsevernetaten opplyser avdelingsleiar Sonja Skotheim at det er Grønn Etat som har ansvaret.

— Dei eig dette parkområdet. Dei har tydelegvis kontakta skadedyruttryddingsfirma, og har også ansvaret for å rydde eksempelvis sprøyter og liknande, seier Skotheim.

I Grønn Etat er det Jarle Birkeland som har ansvar for det aktuelle parkområdet framfor DNS. Han stadfestar at det er dei som har sytt føre boksane med rottegift, eller åtestasjonar som det heiter, men seier han ikkje kan uttale seg om saka.

— Du må snakke med Rune Hesjedal, det er han som skal gje uttalar til pressa, seier Birkeland.

— Men kjenner han til detaljane i denne saka?- Det veit eg ikkje. Men det er han som skal uttale seg.

Minuttet seinare har vi seksjonsleiar Hesjedal på tråden, og på ny presenterer vi problemstillinga.

— Du, eg står her langt ute i Fana. Kan eg komme tilbake til deg når eg er på kontoret og har fått drøfta saka med Birkeland?

— Ok.

Muren ikkje noko tema

Ein snau time seinare ringer Grøn Etat tilbake. Det er Jarle Birkeland, og denne gongen har han høve til å uttale seg. Om fakta.

Han fortel at kommunen har seks åtestasjonar i Teaterparken, og at fire av dei står langs muren mot Rotunden.

— Vi har ikkje registrert spesielt stor rotteaktivitet der. Vi har sant å seie vurdert å fjerne ein av åtestasjonane, seier Birkeland. - Så får vi heller vurdere å plassere nokre på Rotunden, på plassen der, og sjå om det hjelper. Dette må vi drøfte med skadedyrfirmaet.

Om sjølve muren og tilstanden der er saka grei. Grøn Etat har ingen planar om å gjere noko med den.

— De har ikkje vore tema, så vidt eg veit, seier Birkeland.

På andre sida av muren fortel Ricks-sjefen at han har tatt opp problemet ei rekke gonger sidan 1990-talet, men at lite eller ingenting skjer.

— Kva tiltak meiner du må til, ut over det å utbetre muren ved trappa?

— Dei må i alle fall kutte ned på hekken, og gjerne få opp skikkeleg lys, seier Tom Greni.

Sei di meining om saka under!