Nils Tveiterås kom frå Samnanger til Midthus i Hegglandsdalen i 1824, og etter den tids skikk tok han namn etter garden han kom til. Han dreiv med rosemåling slik faren og farfaren hans hadde gjort. Nils utvikla etter kvart sin eigen stil, som skilde seg klårt ut frå den tradisjonen han kom frå. Eit særdrag ved denne stilen er bruk av klåre fargar, bruk av tradisjonelle, geometriske motiv som ein også finn att til dømes i karveskurden, arkitekturmotiv, rosettar og stiliserte blomemotiv i tillegg til akantusranken som ein også finn mellom anna i telemarksmålinga. Dette er det som seinare er vorte kalla osmålinga.

Nils tok også inn læregutar. Fyrst granneguten Ola Lien, som seinare tok namnet Midtbø, og deretter son sin, Annanias, som seinare kalla seg Tveit. Desse to, Ola Midtbø og Annanias Tveit utvikla stilen vidare og gjennom deira lange og aktive tid som rosemålarar nådde osmålinga eit høgdepunkt. Det er ein svært stor produksjon etter dei to meistrarane frå siste helvta av 1800-talet og fram til 1920.

Alle som seinare kom til å føra denne tradisjonen vidare hadde lært kunsten hos ein av desse to. Annanias Tveit hadde særs mange læregutar; i ein lang periode hadde han reine rosemålarskulen i verkstaden sin på Tveit. Læregutane kom både frå Os og frå andre stader på Vestlandet, og mange av dei måla mykje fram til på 1930-talet. Av osingar som gjekk i lære hos Annanias Tveit og som har ein heller stor produksjon etter seg kan nemnast Peder Rød, Mons Lyssand (Mons i Heien), Gerhard Storum og Annanias Strønen. Alle desse var målarar, og dreiv med rosemåling attåt husmålinga.

Etter krigen var det stort sett Peder Rød, som var gift med dotter til Annanias Tveit, og Karl Midtbø, son til Ola Midtbø, som heldt tradisjonen i hevd. Til gjengjeld hadde desse to ein svært stor produksjon gjennom eit langt liv. Peder Rød var den av dei som heldt seg nærast til den stilen han hadde lært, men utvikla han såpass mykje at ein lett kan kjenna arbeida hans att. Karl Midtbø tok til å måla litt annleis. Han måla gjerne rosene noko meir naturalistisk enn tradisjonen i osmålinga hadde vore, og svært vakkert måla. Mange sams stildrag gjer at det likevel må reknast som ei grein av osmålinga.

Annanias Rød lærde rosemåling hos far sin, Peder, på 1960-talet. Då faren døydde slutta han som målarmeister og byrja som rosemålar på heiltid. Han heldt mange kurs og la dermed grunnlaget for oppbløminga i rosemålarkunsten frå 1970-talet og utetter. I dag er det fleire enn på lange tider som målar osmåling, og i motsetnad til tidlegare, då rosemåling var eit typisk mannsyrke, er det i dag stor sett berre kvinner som driv med dette i nokon målestokk. Den som har drive det lengst er truleg Torunn Rød Farsund. Som dotter til Annanias Rød er ho rosemålar i sjuande generasjon.

Rosemålartradisjonen har såleis levd og utvikla seg i Os sidan 1820 og fram til i dag, og er framleis like levande. Det er truleg einaste staden i landet som har ein ubroten rosemålartradisjon i heile dette tidsrommet.

Litteratur:

  • Nils Georg Brekke: Rosemåling i Midthordland, artikkel i ”Bygdesoga for Os”, 1980
  • Lars Skorpen: Rosemålarane, ei slektskrønike, 2006
G. Berg
RUNE STØLÅS