Bygningane på den gamle prestegarden vart bygde i 1843 til kapellan Rolf Andreas Olsen (1805-1883), den gong Fusa framleis var del av Ous prestegjeld. I samtida vart Rosenlund omtala som ”en ny og rummelig, skjøn og beqvem prestebolig”. Då Fusa vart eige prestegjeld i 1855, vart Olsen den første soknepresten her, og Rosenlund vart sete for soknepresten. Olsen vart verande til 1868.

Forfall

Han vart så avløyst av Jens Petter Hveding (1817-1889). I hans tid forfall anlegget. Då den tredje soknepresten, Johann Henrik Rathmann Marstrander (1844-1927) overtok i 1890, var Rosenlund prega av dårleg vedlikehald over mange år. Sonen Peter skildra Rosenlund og tida der i artikkelen ”En prestegård i gammeldags stil”.

Roser

Sjølve prestegarden hadde mange bygningar, og der hadde ein gong vore ein stor og flott hage med grusgangar, prydbuskar, roser og lysthus. Prestefrua Elisabeth Behrens Marstrander laga på nytt til rosehage framfor hovudbygningen og fylte stoveglasa med blømande potteplantar. Ho var svært glad i blomar, og det skal ha vore ho som innførte skikken med å ha blomar på altaret i kyrkja.

Helsefarleg

Bygningane på prestegarden var diverre så dårleg vedlikehaldne at dei til slutt var direkte helsefarlege. Det lak gjennom taket, dører og vindaugo var så gisne at det bles rett gjennom huset, og det sto vatn i kjellaren. Kyrkjedepartementet vedtok å byggja ny prestebustad . Den stod ferdig i 1912 på ei tomt nærare sjøen.

Doktergard

Fusa kommune kjøpte hus og hage på den gamle prestegarden i 1911 for kr 3000, og sette han etter kvart i stand som dokterbustad. I 1914 vart Fusa, Strandvik, Hålandsdalen og Samnanger eit eige legedistrikt, og distriktslegebustaden vart Rosenlund i Fusa-bygda. Dei følgjande 70 åra hyste Rosenlund åtte distriktslegar.

Den andre i rekkja var Jacob Ludvig Hoffmann (1870-1939), som kom til Fusa i 1918. Dokterfamilien dreiv naturalhushald med ku, kalv, gris og høner – dei hadde doktergard. Saman med kona Erika tok han initiativet til å få skipa helselag – Fusa sanitetsforening – 18. juli 1920. Dokter Hoffmann sleit med gikt, og det fuktige huset i Rosenlund var ei av årsakene til at han søkte seg vekk frå Fusa alt i 1922.

Freding

Den som vart verande lengst i doktergarden, var dokter Kari Øpstad , fusajenta som var distriktslege i heimkommunen frå 1928 til 1962. Den siste distriktslegen i Rosenlund var Erling Kayser (1979-1984). Sidan dreiv han privat praksis her til 1996. Han og kona Berit engasjerte seg sterkt i å få Rosenlund freda som kulturminne.

Rosenlund vart freda av Miljøverndepartementet etter framlegg frå Riksantikvaren i 1982 i medhald av § 15 i Lov om kulturminner av 9. juni 1978. Fredinga gjeld heile anlegget med hovudbygning, stabbur, ”drengestue” og løe og området rundt bygningane.

Rosemålargard

Sommaren 1999 selde Fusa kommune Rosenlund til privat bruk. Kunstnaren Anne Hesvik Kartveit og mannen Yngve Kartveit kjøpte anlegget. Dei nye eigarane har gjort eit stort arbeid med å restaurera og setja i stand Rosenlund. Anne Kartveit driv med dekormåling på tre. Ho har verkstad på tunet og har laga utstillingslokale i stabburet. Rosenlund har fått nytt liv som rosemålargard.

Prestegarden Rosenlund frå 1843. Alle foto er henta frå Lokalhistorisk Arkiv i Fusa.
Prestegarden vart doktergard i 1914. Erika Hoffmann matar hønene ca 1920
Feiring av 70-årsdagen til den siste soknepresten som budde i Rosenlund, Marstrander. Feiringa fann stad i den nye prestebustaden i 1914.
Soknepresten fekk deler av løna si gjennom tiende frå soknebarna. På kornloftet i prestegardsstabburet (midt i biletet) tok han imot tiendekornet om haustane. Kyrkjetiende vart avskaffa i 1918. (Foto: Räbiger 1950)