Fotosamlinga er systematisert av sølvsmedkunstnaren og kulturarbeidaren Kari Bye, i eit prosjekt der Voss Sogelag har hatt regien.

Formannen i sogelaget, Reidar Ringheim, overrekte samlinga til Voss Folkemuseum ved ei samkoma på Mølstertunet nyleg. Han bad samstundes om at materialet også vert lagt ut på museet sine internettsider, slik at det vert lett tilgjengeleg for ålmenta. Museumsstyrar Dag Sæverud lova å gjera sitt beste.

Hovudalbumet viser kister og skåp med rosemåling utført av omreisande rosemålarar som har arbeidd på Voss på 1800-talet. Dessutan er arbeid frå dei lokale rosemålarane Helena Bu Dagestad og Oddmund Sandvik i første halvdel av 1900-talet med her.

Eit album har bilete frå to gamle kyrkjer på Voss med rosemålingsarbeid i interiøret.

Det siste albumet inneheld Ivar K. Lydvo sine eigne arbeid. Den tidlegare snikkaren, alpinisten og idrettsadministrator har lang røynsle som rosemålar, først som hobby, seinare på heiltid. Han har også vore lærar i faget på vaksenopplæringskurs.

Tidlegare fylkeskonservator Nils Georg Brekke har alt meldt seg på som ivrig brukar av fotosamlinga. Han treng kjeldemateriale til ei bok han har i emning.

Brekke har god forklaring på kvifor tilreisande før 1900 dominerte rosemålingsmarknaden i ei kulturbygd som Voss, med flust av eigne kunstnarar.

— Vossingane hadde nok å gjera med å laga ting som skreppekarane kunne selja. Kister og skap kunne dei ikkje dra med seg. Difor talde ikkje rosemålinga i den lokale samfunnsøkonomien, meiner Brekke.

PÅ MØLSTERTUNET: Rosemålaren Ivar K. Lydvo (81) si fotosamling er komen på museum. Til høgre Kari Bye som har hjelpt til med systematiseringa. Til venstre tidlegare fylkeskonservator Nils Georg Brekke som alt er blitt ivrig brukar av kjeldematerialet.<P/>FOTO: ARNE HOFSETH