• Modig, klokt og prisverdig, er nokre av reaksjonane etter at Einar Førde skreiv om døden i BT i går. I same artikkel gjorde Førde det kjent at han er alvorleg sjuk.

I si faste BT-spalte «Einar på ein onsdag» skreiv Einar Førde i går om sine refleksjonar, etter at han ved juletider fekk konstatert at han har ein alvorleg og potensielt livstrugande sjukdom.

At den tidlegare politikaren og kringkastingssjefen veljer å skrive så ope om sin eigen sjukdom, vekkjer positive reaksjonar. Artikkelen «Eit tabuemne» var den mest leste på bt.no i går.

— Det er modig å gå ope ut med eit så djupt personleg emne: Faren for å døy snart, seier professor i sosialmedisin, Per Fugelli, til BT.

— Det er bra hvis Einar Førde med dette kan skape ein ærleg og inngåande debatt om døden, og setje verdiane vi lever etter på ein brutal prøve.

- Klokt

I går skreiv Førde at døden er blitt eit tabuemne, og på mange måtar ein spottande hån mot rasjonaliteten i vårt moderne samfunn. Døden har fått eit drag av skam og personleg nederlag, og blitt hovedfiende. No håpar Førde på renessanse for uttrykket «ein naturleg død».

— Ein klok artikkel. I all hovedsak vil eg gje Einar Førde rett i at døden er eit fortrengt ikkje-tema i det postmoderne samfunnet, seier Fugelli.

— Moderne medisinsk vitskap og teknologi har overseld seg sjølv, og gitt menneske illusjonar om at berre vi investerer nok hjerneceller og milliardar i medisinsk forsking og praksis, kan vi eliminere all sjukdom og skape evig liv.

Fugelli meiner at vinnarkulturen gjennomsyrer både skule, arbeidsliv og toppidrett, og at det herskar ei forakt for det svake. Derfor blir vi også redde for sjukdom og død. Eksistensielle spørsmål har dessutan dårlege vilkår i vår materialistiske forbrukskultur, meiner Fugelli:

— Spørsmål som «kven er eg» eller «kva er meininga» blir ikkje stilt hos Robinson-ekspedisjonen eller i Big Brother-huset.

Generasjonsskilje

Einar Førdes artikkel har også gjort inntrykk på Øystein Kråvik, prest ved Haukeland universitetssykehus.

— Det er prisverdig at ein kjend person som Einar Førde veljer å skrive om eit så viktig tema ut frå personleg erfaring. Det han skriv berører oss på ein tankevekkande måte, meiner Kråvik.

— Har Førde rett når han hevdar at døden er eit tabuemne?

— Døden er noko vi unngår å snakke om, men som alle møter på eit eller anna tidspunkt, svarar sjukehuspresten.

— Likevel synest eg å merke at denne trenden har snudd noko dei siste tjue åra. At Førdes generasjon er meir prega av at døden er tabu enn dagens unge. Dei har eit meir mangfaldig forhold til døden.

Som døme nemner han ritualet med å setje ut lys og blomar ved brå død og ulykker, at tradisjonen med open kiste er på veg tilbake, og at mange veljer minnelund eller eiga grav for nyfødte barn.

— Livet kan bli rikare om vi tek med perspektivet om at vi også er dødelege.

- Verdifullt

Fagmedarbeidar Gunnar Bodahl-Johansen ved Institutt for journalistikk kan ikkje hugse å ha lese makan til «Einar på ein onsdag» i ei norsk avis før.

— Det er eit modig menneske som gjer slikt. Det er viktig at personar med posisjonar i samfunnet bryt tabu på denne måten. Einar Førde lukkast, fordi han har distanse og aldri blir privat, seier han.

— Dette er ingen «kjendis-reportasje», men handlar om eit menneske som er alvorleg sjuk, og som gjev oss andre del i sine refleksjonar kring det. Svært verdifullt, meiner Bodahl-Johansen.