Inn mot moloen i Hoddevika kjem Oselvaren med to roarar, i ferd med å ro Noreg på langs. Seks og ei halv veke har dei brukt frå Nordkapp til Hoddevika. Etappen dei rodde torsdag er ein milepæl.

Med lange, seige åretak rundar Axel Bjørklid (30) og Rolf Erik Poppe kaia, og legg til ved innsida. Ei handfull Hoddevikar, nokre campinggjester og Bergens Tidende står og ventar. Det er eit flott syn. Ein gyllen Oselvar, med to sommarbrune menn ombord, i ull og dongeri, og kvite smil.

Landstrykere

Dei kunne vore klipt ut av filmar som "Fant" eller "Landstrykere" — og alle på kaia synest det er stas. Ei av dei er Anne Margrethe Hoddevik. No skyt ho champagnekorka mot kveldshimmelen. Karane har alt fått lefse og svele, som svigerinne hennar, Grete Hoddevik, har laga.

— Skål!

Dei to mennene er synleg overraska.

— Makan! Dette var heeelt sinnsykt! seier Poppe.

— Aaah! Jeg kjenner det går rett i bicepsen, seier han og skåler med Bjørklid.

Dei siste åretaka var tunge. Over Stadt gjekk det eigentleg veldig greitt, men her i Hoddevika vart det uventa tøft inn mot land.

— Brått var det fullt av fallvindar, seier Bjørklid.

Det er all grunn til å feire siste etappen. På under seks timar har dei to rodd frå Gjersvika til Hoddevika, over det frykta Stadthavet. Få veit betre kva som ligg i den utfordringa, enn stadtsarar og roarane sjølv. Med seg i båten har dei redningsdrakter og redningsvestar, nødpeilesendar, niste og litt ekstra kle. Men for å vere så lette som mogeleg denne etappen, har dei fått hjelp med å transportere reisten av børa med bil hit til Hoddevika.

Ror døgnet rundt

Eigentleg skulle dei kvile seg litt, i Gjersvika. Dei har rodd i sekstimars intervall, til alle døgnets timar, under heile turen. Det har dei gjort for å kunne ro mest mogeleg medstraums, med tidevatnet.

Då Bjørklid og Toppe stod opp i Gjersvika var klokka to, og dei hadde tenkt at dei skulle drøye litt før dei la ut på Stadt-etappen. Men då dei siste vermeldingane synteat det ville vere gunstige forhold over Stadt fram til midnatt, var det berre å legge utpå. Ein telefon til redningsselskapet så dei var klar over situasjonen, litt mat i kroppen, så tok dei årane fatt over storhavet.

— Det var jo relativt stille, fortel Poppe.

— Jo, det var uroleg sjø, men det var store dønningar. Ikkje slike krappe bølgjer, det er dei som er farlege. Nede i bølgedalane såg vi likevel ikkje land, det var sånn ... oooj! ... då vi kom opp igjen og såg korleis det såg ut rundt oss, forklarer Bjørklid.

Går ut over rumpa

Medan Axel Bjørklid frå Knarvik har vakse opp, om ikkje i - så i alle fall med - ein oselvar, reknar Rolf Erik Poppe frå Drammen seg meir som landkrabbe. Til gjengjeld har han gått Noreg på langs til fots sommarstid, på ski vinterstid, og sykla tilbake.

— Å gå, er mykje tyngre. Men det er klart, det går hardt ut over rumpa dette, seier Poppe med eit skeivt smil.

— Den ser ikkje ut. Men det gjer ingenting. Og går jo over!

Det gode liv

— Vi har hatt egg og bacon til frokost kvar dag! Å ligge i lyngen, å lage seg mat ute ... Det er eit godt liv! Med å ro kjem ein jo så tett på. Å ro to meter frå land. Mellom holmar og skjær, fuglar i fjøra ... Vi rodde over ei kilometerlang grunne på ein meters djup, i tareskog. Det er berre heilt fantastisk kva dette byr på av naturopplevingar, seier Poppe.

Langs kysten har dørene stått opne for dei to.

— Folk har sett oss frå kjøkenglaset, og kome oss i møte på kaia. Invitert oss på kaffi og tilbod om seg.

Permisjon

Med roing er ein sjølvsagt veravhengig, og roarane trudde dei skulle bli liggjande meir verfast. Det er det blitt lite av. Tvert om, er dei no langt framom skjema.

Begge har tre månaders permisjon frå jobben, og no ser det ut som dei har ein heil ekstra månad å gå på.

Roturen starta 4. juli frå Nordkapp.

www.rodegned.no kan ein følgje dei to roarane langs norskekysten.

Siste: Fredag ettermiddag ligg roarane verfaste i Hoddevika. Det er kraftige kastevindar og uråd å legge utpå.

KRAFTTAK: Axel Bjørklid og Rolf Erik Poppe kom roande i oselvar til Hoddevika i siste rest av dagslys. Etappen over Stadthavet er ein milepæl i ferda frå Nordkapp til Lindesnes.
ODDLEIV APNESEETH