— No går det litt betre. Men i fem-seks veker i sommar har han vore direkte farleg for meg, søstera og for personalet rundt han. Me har strevd med å halda han i live, seier mor til Magnus, Henny H. Seljebu, og fortel om biting, slåing, kloring og vandring frå den eine til den andre i helsevesenet på jakt etter hjelp.

Henny H. Seljebu har opplevd det som svært problematisk å nå fram til rett ekspertise for den autistiske, utviklingshemma sonen.

Mellom to stolar

— Magnus har falle mellom to stolar. Han er vurdert som for liten til vaksenpsykiatrien, barne- og ungdomspsykiatrien hadde ikkje kapasitet til å ta imot han, blant anna fordi han er autist. Det har vist seg uråd å finna noko som helst akuttmottak til å ta seg av han.

— Måtte det aldri skje andre i tilsvarande situasjon at spesialisthelsetenesta ikkje er tilgjengeleg om sommaren. Det vil minst gå eit halvt år å byggja Magnus opp att, seier Henny H. Seljebu til Bergens Tidende.

- Dopa ned

Mora gir honnør til primærlegen, Stord kommune og soneleiinga i Sagvåg som har stilt opp det dei har makta for Magnus og familien. Men ho kritiserer psykiatritenesta ved Stord sjukehus for manglande vilje til å setja seg inn i Magnus sitt sjukdomsbilde og for ikkje å vilja kontakta spesialistar med betre greie på autisme, til dømes ved Haukeland sjukehus.

— Dei var mest opptekne av å auka medisineringa, dopa han ned. Til sist blei vi bedne om anten å ta han med heim eller til avlastning, elles var innlegging på Valen psykiatriske sjukehus alternativet, seier mora.

— Vi kan ikkje krevja at dei er ekspertar ved lokalsjukehuset. Men dei bør kunna venda seg til rette eksperthjelpa, seier Kjersti Vik, fungerande avdelingsleiar for Magnus. Henny H. Seljebu meiner det bør etablerast eit statleg senter der ein i akuttilfelle kan senda autistar heile året.

50 prosent avlasting

Autistiske og utviklingshemma Magnus har hatt dårlege periodar før også, men aldri så ille som i sommar.

— Det er nifst å sjå på han no. Subbar over golvet som ein gammal mann. Han som var glad i å leggja puslespel, no puttar han det i munnen, seier mor Henny.

Magnus bur heime hos mor. Faren døydde for to og eit halvt år sidan. Han har avlastning i Sæbøhaugen avlastningsbustad, og skal få sin eigen bustad som 19-åring. På kvart skift har Magnus to personar rundt seg.

Det var etter innflytting i avlastningsbustad i vår at Magnus si åtferd brått enda seg. Flyttinga gjekk greitt, men etter ei tid slutta han å smila, ville ikkje leika, åt og sov dårleg, og klaga over vondt i munnen.

- Umenneskeleg situasjon

Etter tannbehandling og mageundersøking på sjukehus blei det prøvd med ulike medisinar. Det hjelpte lite. Magnus var like uroleg. Han beit, lugga og klorte alle som nærma seg han, putta steinar og blomar i munnen.

— Han vrei seg i smerte, gjekk laus på folk for å få hjelp. Han er blitt meir og meir utmatta. Verkar deprimert, angstfull. Det er ein umenneskeleg situasjon for alle, men mest for Magnus, seier Henny H. Seljebu. No set mora, søskene og personalet rundt Magnus sitt håp til eit føreståande opphald på ein institusjon i Åsane, ei habiliteringsteneste for vaksne som Helse Bergen driv, og som får oppfølging frå Haukeland. - Men det vil ta lang tid å få han tilbake der han var, seier mora.

fakta/autisme

  • Talet på autist-tilfelle er sterkt aukande. Eitt av 150 born under ti år kan li av autisme eller tilsvarande utviklingsforstyrringar. Få tiår tilbake hadde berre ein av 10.000 diagnosen.
  • Ei delforklaring på den sterke auken er utvida diagnosekriteria, men ekspertane er i villreie. Miljøgifter og babyvaksinen mot meslingar, kusma og raude hundar er i søkjelyset som moglege sjukdomsårsaker.
  • Autisme blei første gong skildra i 1943. Autistar kan ha fleire tilleggslidingar som epilepsi og matallergi.
  • Det finst i dag ingen kur mot autisme, men forskingsinnsatsen internasjonalt er intensivert for å finna årsak og medisin. Blant anna blir no spesielle gen som styrer hjerneveksten hos nyfødde undersøkt. Forskarane har fått ny inspirasjon av ideen om at det kan finnast tidlege biokjemiske spor som leiar mot autisme.

KJELDE: TIME