Meldinga vart ringt inn til politiet klokka 04.44, av ei kvinne som bur ved Fisketorget. Alle slike samtaler blir tatt opp på band, og politiet lytta i går igjennom opptaket.

— Kvinna seier at det blir ropt om hjelp utanfor Strandkaiterminalen. Ho seier at ho ikkje veit kva det er, og spør om ein politipatrulje kan dra ut og undersøke det, seier avdelingssjef Tove Lian Mathiesen ved vald- og sedelegheitsavsnittet i Hordaland politidistrikt.

Jenter hadde også høyrt rop

I den skriftlege loggen hos politiet er telefonen registrert som ei melding om bråk ved Strandkaiterminalen. Men ifølgje Lian Mathiesen gjekk det melding vidare til ein politipatrulje om at det gjaldt rop om hjelp, ikkje berre bråk.

— Patruljen var på plass eit par minutt etter at meldinga kom inn, seier Lian Mathiesen.

Ho har sjølv ikkje snakka med politifolka som vart sendt ut, men har mottatt eit kort notat om kva dei gjorde.

— Dei lytta og observerte, utan å sjå eller høyre noko. Dei snakka også med to jenter på staden. Jentene hadde også høyrt rop om hjelp, men trudde ropa kom frå lenger ute, i retning Østre Murallmenning, seier Lian Mathiesen.

Politifolka køyrde då lengre utover Strandkaien, men der kunne dei heller ikkje sjå eller høyre noko. Meir vart det ikkje gjort med saka.

Snakka klart og tydeleg

Dagen etter vart to menn funne drukna i Vågen. Politiet trur dei har ramla i sjøen like ved Zachariasbryggen, der ein av dei hadde ein seglbåt fortøyd.

Informasjonsleiar Trygve Hillestad i Hordaland politidistrikt uttalte i BT onsdag at han ikkje kjende til at det var meldt om rop om hjelp.

— Meldingar om hyling og skriking får vi jamleg, spesielt frå område der rusa personar ofte ferdast, sa Hillestad.

Men ifølgje Lian Mathiesen er meldinga som vart ringt ikkje til å misforstå.

— Kvinna er heilt roleg, og snakkar klart og tydeleg. Innhaldet i meldinga gjekk da også straks vidare til patruljen, seier politiavdelingssjefen.

Bedt om utfyllande notat

Ho visste i går ikkje om politifolka hadde vore ute av bilen på Strandkaien.

— Dei skriv at dei har lytta og observert, meir veit eg ikkje. Dei vil bli bedt om å skrive eit meir utfyllande notat når dei kjem attende på vakt, seier Lian Mathiesen.

Ho vil førebels ikkje trekkje nokon konklusjon når det gjeld politiets innsats ulukkesnatta.

— Men eg har vondt for å sjå at saka kunne vore handtert på nokon annan måte. Patruljen har straks køyrt til staden, men korkje høyrt eller sett noko. Det var også veldig dårleg ver, med sterk vind, seier politiavdelingssjefen.

Kvinna som meldte frå om ropa kontakta også politiet dagen etter at dei to mennene drukna.

— Ulykka har gått forferdeleg hardt inn på meg, seier kvinna til BT.