Helsevernetaten i Bergen krev i eit førehandsvarsel at Rong skule i Øygarden får på plass to toalett i tillegg til dei fire eksisterande toaletta. Det melder Kystradioen.

I dag er det fire toalett til 125 elevar, og dette er for lite i forhold til kravet i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Helsevernetaten konkluderer også med at inngangspartiet til toaletta frå uteområdet ikkje er tilfredsstillande. Det er etter klage frå FAU på Rong skule at Helsevernetaten er varsla.