Tre er frå Albania, den siste har jugoslavisk bakgrunn.

Små sjansar

Atle Berge i Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner grunnen kan vere at dei fire kjem frå nasjonar som har små sjansar til å fast opphald.

— Vi opplever av og til at asylsøkjarar stikk av rett før dei får svar på søknadene sine, seier Berge. UDI reknar med at dei fire anten skjuler seg i ein av dei store byane, eller at dei har reist ut av landet.