Tidlegare høyrdest kaklinga frå 2100 verpehøns, og brekinga frå 70 vinterfora sauer. No er det store uthuset omgjort til tønnefabrikk, og arbeidsplass for tre: Johannes M. Tysse, kona Hjørdis og sonen Odd Magnar. Dei held til på slektsgarden Tysse Indre, kloss ved kommunesenteret.

– Rett nok er omsetnaden i desember litt større enn i dei andre månadene, men miniatyrtønner er ettertrakta gåver heile året, ikkje berre til jul, poengterer Johannes M. Tysse overfor Bergens Tidende.

Til merkedagar

Mange av tønnene er ganske store, til miniatyrar å vera. Med inskripsjon på loket og gyllen krane.

– Slike gåver er i vinden når skip skal sjøsettast etter kontraktar skal underskrivast, til dømes i oljebransjen, fortel Johannes Tysse.

– Og dei som er ørlite grann mindre?

– Dei går i stor grad til åremålsdagar, når folk skal slutta i jobben etter eit langt yrkesliv, og andre slike merkedagar. Det er først og fremst offentlege og private verksemder som er kundar hjå oss.

– Kvifor ikkje julegåve?

– Det er nok eit prisspørsmål. Så vidt eg har forstått, er det ei grense på 600 kroner for kva verksemdene kan gje i gåve utan å få problem med skatten. Det går nok ein del tønner til jul også, men salet er ganske jamt fordelt heile året.

– Kvifor så mange på lager?

– Fordi folk har ikkje tid å venta medan vi produserer. Anten har dei gløymt å bestilla, eller så har dei seint kome på ideen. I alle fall må dei fleste tønnene sendast ekspress. Med vanleg post kjem dei for seint. Helst skulle dei vore levert dagen før dei vart tinga, fortel Tysse.

Brekkasje under postframføringa har fått han til å levera stativet flatpakka, med ein ørliten plastpose lim.

Dreiing er juks!

Lagervarene er stabla i hyller der det før var sauefjøs. I det tidlegare hønseriet summar det i maskiner av ulikt slag og ulik storleik, dei fleste små, men svært så effektive til sitt spesifikke formål.

– Vi har utvikla maskinene sjølve, stadig forbetra gjennom åtte års røynsle. Slikt får du ikkje kjøpt masseprodusert, seier Tysse og demonstrerer fresen som lagar tønnestavar, også av massiv eik.

– Slingringsmonnet er pluss/minus fem hundredels millimeter. Når vi er oppe i 16 stavar på ei tønne, kan det teoretisk gi samla avvik på 1,6 millimeter.

– Men det er teoretisk …

– Ja, i praksis er avviket langt, langt mindre. Det har hendt at folk trur tønnene er dreia. Dei nektar å tru at tønnestavar kan leggast så jamt. Men dreiing juksar vi ikkje med her.

Til kartongvin

Også produktspekteret er under utvikling. Siste påfunnet er tønner tilpassa polvarer, både kartongvin til festbordet, konjakk til St. Bernhardshunden og formål flest.

Stasversjonen av pappvin er finurleg innretta. Når kartongen er fjerna, kan innerposen med vin leggast inn i tønna, og kranen stikk ut gjennom eit hol i tønnelòket. Men Tysse har også utvikla overgangskoplingar slik at pappvinskranen kan bytast ut med gyllen metallkrane. Du kan også hella vinen over i ein tett pose som fyljer med tønna. dette er mest aktuelt når vinen er kjøpt på flasker, eller er heimelaga.

Meir tradisjonelle tønner har spuns for direkte påfyll. Innvendig har tønner til matbruk og drikke eit belegg som Mattilsynet går god for.

Ansjostradisjon

Miniatyrtønner er ingen ny idé, røper Tysse. Norsk ansjos vart lenge eksportert i slik emballasje. I 1881 var eksporten oppe i nesten ein halv million tønner på tre og ein halv liter.

Tøsse har overført idéen til gåveartiklar med tønneband i stål eller kopar. Delar du ei tønne i to, har du to stampar. Skjerer du ut ei stor opning på sida og plasserer tønna liggjande, får du eit trau. Trematerialet er mest furu eller eik. Storleikane varierer frå ein halv til ti liter, for stampane sjølvsagt det halve.

Inskripsjonen er nesten det viktigaste. Verksemda på Tysse Indre har investert i eit avansert data— og laserprogram som svir inn det meste av tekst og logoar.

Om du ikkje heller vi ha ei rosemåla furutønne.

PAPPVIN: Denne vintønna har Johannes M. Tysse utvikla i samråd med Arcus. Innerposen frå vinkartongen passar til overgangsmuffe til metallkranen. Det finst også variantar for vin som er heimelaga eller kjøpt på flaske.
Arne Hofseth
AKUTTMEDISIN: Har du gløymt julegåve til St. Bernhardshunden din? Fortvil ikkje, han har sikkert ein fødselsdag i løpet av året. Hjørdis Tysse er klar over at marknaden er «smal» for denne forseggjorte utgåva an miniatyrtønna.
Arne Hofseth
MATSKÅLER: Ny serie utvikla for koldtbord. På namnebrikkene kan namn på matrettar sviast inn.
Arne Hofseth
ROSEMÅLA: Her har rosemålaren dekorert eit trau (nærast) og ei tønne i furu.
Arne Hoseth
BANDLEGGING: Ei «heimesnikra» spesialmaskin syter for at tønnebanda kjem på rett plass.
Arne Hofseth
SAMANSTILLING: Tønnestavane vert sett saman til miniatyrtønne.
Arne Hofseth
PUSS: Denne pussemaskinen har Tysse utvikla spesielt for tønneproduksjon. Sandpapir oppdelt i lamellar taklar den avrunda forma.
Arne Hoseth