Like før 03.30 i natt fekk politiet mel-ding om at ein person hadde vore utsett for vald på Moster. Dette skal ha skjedd i eit privathus. Då politiet kom til staden, fann dei ein blodig mann hos naboen. 31-åringen vart sendt til sjekk på sjuke-huset på Stord. 22-åringen som politiet meiner står bak valden, hadde stukke frå staden.

— Me veit kven han er, og kjem til å job-ba med å finna han i føremiddag, seier operasjonsleiar Harald Aasen ved Hau-galandet og Sunnhordland politidistrikt til bt.no.