— Eg var på veg heim frå arbeid. Ei fonn hadde sperra vegen. Eg fekk kontakt med vegvesenet, og dei sa dei skulle komme og rydde skredet. Medan eg stod og venta såg eg tre nye skred kom ned i vegen. Så fekk eg beskjed om at vegvesenet ikkje tok sjansen på å sende folk inn for å rydde. Då gjekk eg over skreda og heim. Dagen etter pakka vi det mest nødvendige og flytta ned til Stryn, fortel Brynjar Flo.

Tre andre barnefamiliar i Flo-bygda gjorde det same. Då skreda tok til å tordne nedetter dei stupbratte fjellsidene, orka dei ikkje tanken på å sende ungane med skulebussen eller køyre den skredutsette fylkesvegen sjølv.

Framleis utrygt

I går ettermiddag pakka Brynjar Flo kleda og vaska golva i den vesle campinghytta dei har leigd sidan fredag. Meldingane som ber bod om stabilt vêr dei kommande dagane lokkar familien heim att.

— Trygt er det slett ikkje. Men vi blir leie av å bu slik òg. Det er trasig, sukkar familiefaren.

Truser, sokkar og T-skjorter hamnar i bagen. Brynjar Flo ser fram til at ungane på fire og åtte skal få litt meir plass å boltre seg på, og litt meir enn to kokeplater til å lage middag.

— Når du skal på ferie innstiller du deg på slikt. Men dette er ikkje nett ferie.

Skulevegen

Sjølve Flo-bygda er ikkje skredfarleg. Men det er derimot eit par kilometer av fylkesvegen på nordsida av Strynsvatnet.

— Eg er fødd på Flo og veit kvar fonnene kjem. Så sjølv om også eg er nervøs for å køyre vegen, er det verst når ungane dreg med skulebussen eller kona skal av stad.

Dei store snømengdene som har komme dei siste vekene har skapt ekstrem skredfare. Brynjar Flo kjenner området og ser teikna, dei store skavlane som heng trugande oppe i fjellsida. Før eller seinare kjem dei ned.

— Førre veke fekk vi 60 cm snø på Flo på halvtanna døgn. Det er lenge sidan det har vore så mykje snø i fjella og så stor skredfare.

For korte rasoverbygg

Tre skredoverbygg er sette opp på vegen. Alle blei dei eit par meter for korte slik at rasa går utover på begge sider. I tillegg er det bygt ein rasvoll. Den har gjort vondt verre.

— Første skredet fyller opp bak vollen. Når dei neste kjem, flyt skredet mykje meir utover enn før, seier han.

Flo legg ikkje skjul på at han er kraftig irritert over at vegen ikkje er sikra med tunnel, i staden for dei andre tiltaka.

— Då skulen på Flo blei lagt ned, lova dei oss sikker skuleveg. Vi har fått ein som er farlegare. Ein tunnel på halvannan kilometer hadde vore det som skulle til.

19 ungar

Dagleg set 19 ungar seg i skulebussen på Flo. Vinterstid, når vêret er dårleg, skjer det i ein dagleg angst for foreldra.

— Eg er klar over at når vi var så toskne å slå oss ned på ein slik plass, må vi finne oss i litt av kvart. Eg forstår også at millionane ikkje kan rulle over alle små grendelag. Men på den andre sida legg samfunnet opp til at folk skal bu i utkantane. Og når eg ser på gangvegar og anna som blir bygt i sentrale strok, grip eg meg i å tenkje at tryggleiken til ungane i ei lita bygd ikkje betyr så mykje.

I dag ville Brynjar Flo neppe gjort som då han bestemte seg for å slå seg ned i heimbygda.

— Nei, vi hadde nok kanskje valt annleis i dag, seier han og dreg att glidelåsen på klesbagen.

— Kor lenge blir de buande heime no då?

— Blir det mildvêr og meir nedbør aukar skredfaren att. Då får vi flytte ned att.

PÅ FLYTTEFOT: I går ettermiddag pakka Brynjar Flo kleda dei røska med seg. Men kor lenge dei kan bu heime veit han ikkje. Slår vêret om, kan det bli rask retur til campinghytta i Stryn sentrum.
Foto: Oddleiv Apneseth