Moldovske Tanja (15) og Olga Belic (17) rømde til mora i Aurland då dei blei trua med sal til prostitusjon. Norske styremakter har avgjort å sende dei tilbake. Kommande måndag møter søstrene i tingretten.

Jentene får støtte frå Kirkens Nødhjelp. Organisasjonen engasjerer seg svært sjeldan i enkeltsaker, men krev at saka til dei to jentene kjem opp att i full breidde.

— Vi meiner norske styremakter må vise ei meir sjenerøs linje når det gjeld å gje opphald til offer for menneskehandel, seier generalsekretær Atle Sommerfeldt.

Historia til dei to jentene har rørt mange.

Skulle seljast til Tyrkia

Mor deira, Raisa, engasjerte seg i eit opposisjonsparti i Moldova, og opplevde å bli trakassert og trua. Også døtrene fekk gjennomgå. Dei blei forfølgde på skulevegen og i fritida, og mobba på skulen. I håp om at døtrene skulle sleppe trakasseringa, bestemte mor seg for å dra frå heimlandet.

Men slik gjekk det ikkje, tvert om blei det verre. Dei to jentene blei trua med at dei skulle seljast som sexslavar til Tyrkia og prøvd kidnappa. Til slutt greidde familien å smugle dei ut av landet. Etter fem dagar i bil gjennom Europa kom dei til Noreg, og møtte mor si i Sogn.

Men norske utlendingsstyremakter vil sende dei ut att. Dei meiner verken mora eller jentene har rett på opphaldsløyve.

Viktig opphavsland

Kirkens Nødhjelp meiner Moldova er eitt av dei viktigaste opphavslanda til europeisk menneskehandel. Dei fleste ofra er kvinner og barn.

— Historia dei to jentene i Aurland har fortalt, er svært typisk. Trafficking er svært utbreidd i landet, og det kjem stadig til nye saker. I dei fleste tilfella blir jentene selde til Makedonia, Saudi-Arabia eller Tyrkia, seier programkoordinator for Aust-Europa i Kirkens Nødhjelp, Renata Marie Ellingsen.

Frå å vere mellom dei meir velståande delane av det gamle Sovjetunionen, er Moldova no Europas kanskje fattigaste land. Tre av fire innbyggjarar har ei lønn som ligg under eksistensminimum, i Moldova rekna til 300 kroner månaden. Arbeidsløysa er høg, dei sosiale forholda er vanskelege, kvinner blir undertrykte og korrupsjon er svært utbreidd. Alt dette aukar risikoen for menneskehandel.

— Det kjem stadig rapportar om menneskehandel, ikkje minst frå områda som grensar mot Ukraina, seier Ellingsen.

Sak mot staten

Belic-familiens advokat, Sjur Vinje, har saksøkt staten. Han meiner Utlendingsdirektoratet (UDI) braut lova under det første asylintervjuet med dei to jentene. Mor deira var ikkje med, sjølv om det i lovverket heiter at mindreårige skal ha foreldra med på asylintervju. Ho oppheldt seg i staden på eit tilstøytande rom. Dei to tenåringane blei intervjua i fire timar, og opplevde intervjuet som så sterkt at mora i ein pause måtte gje dei roande medikament.

— Ei kvinne frå Tsjetsjenia såg korleis jentene var i pausen, og at mora gav dei tablettar. Vi har prøvd å stemne kvinna som vitne, men mannen hennar vil ikkje at ho skal møte i retten. Eg håpar likevel i det lengste at ho vil kome, seier Vinje.

UDI har heile tida avvist at det skjedde noko som helst irregulært under intervjuet. Dei har også avvist eit utspel frå tingretten om mekling for å få i stand ei ordning utanom rettsapparatet.

Kirkens Nødhjelp støttar dei to jentene, og krev at saka deira kjem opp til handsaming i ei fulltalig Utlendingsnemnd, der heile familien må få lov til å møte.

— Vi er uroa over at offer for menneskehandel ikkje blir teke nok i vare gjennom norsk innvandrings, asyl og flyktningpolitikk.

Det er sett av to dagar til rettssaka, som går i Oslo tingrett.

MÅ MØTE I RETTEN: Olga (bak) og Tanja Belic må måndag møte i Oslo tingrett. Slektningar fekk smugla dei ut av landet då dei blei trua med å bli selde til prostitusjon. I Aurland har det vore underskriftsaksjon for at familien skal få bli.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH