Dennis går utan sokkar, sjølv om det er desember og golvkaldt i kyrkja. 10-åringen nektar å ta dei på. Heime er han er ikkje vant til å gå med strømper.

Han er vant til skambank.

Dennis snakkar berre russisk, men slår knyteneven inn i sofaputa for å vise oss. Stefaren knekte både arm og fingrar på gutekroppen. Mor hans har gitt opp. Ho vil ikkje ha Dennis og dei to søstrene på fjorten og seksten år lenger.

I desember skreiv ho dei frå seg, og forrige veke fekk dei tre barna flytte inn i den gamle Betelkyrkja i Tallin, som er blitt barneheim for 29 gatebarn og ungar som ikkje kan bu heime lenger. Dei fleste har budd her i fleire år.

— Heile tida kjem det barn på døra som ber om å få bu her. Men det er ikkje plass til fleire, seier Solveig Bergsland.

Bergsland - opprinneleg frå Bergen, no busett i Ålgård - var norsk pådrivar for å sette i stand kyrkja til barneheim. Ho selde lodd og samla inn fleire hundre tusen kroner heime.

No har ho ein ny draum: Å bygge ein ny barneheim på baksida av kyrkja. Bergsland har alt samla inn 200.000 kroner til forprosjektet.

— Eg har sagt at eg skal samle inn ein million kroner, men det må gå over tid.

Barneheimen i Bethelkyrkja har samarbeidd med SAS Braathens julefly dei siste åra, og i haust fekk Bergsland i oppgåve å skrive ei drømmeliste for barneheimen. Der førte ho opp tørrmat, såpe, bleier, pålegg og dopapir.

No er draumane komne i hus.

PÅ BARNEHEIM: Søskenflokken Lena (t.v), Dennis og Katja er glade for å få bu på golvet i biblioteket i Betelkyrkja heretter. Dei lengtar ikkje heim. Stefaren slår, mor har gitt opp.<p/>FOTO: MARITA AAREKOL