Røkke deltok i ein paneldebatt saman med BI-rektor, professor Torger Reve, generalsekretær Jonas Gahr Støre i Norges Røde Kors og gründeren Eilert Hanoa som leier ei it-verksemd med 150 tilsette.

Mot Frp-mytane

Frp hadde valt 1. mai til å framføre to «sosialdemokratar» for landsmøtet.

Siv Jensen, som leia paneldebatten, introduserte Røkke som mannen som er kjent for «vakre kvinner, raske båtar og store hytter».

Dei som hadde venta at Røkke skulle klage og sutre over vilkåra for næringslivet i Noreg, vart skuffa.

— Skatteregimet for eigarane i Noreg er ekstremt rettferdig. Eg har ikkje funne nokon grunn til å beklage meg. Derimot meiner eg at mange av leiarane som jobbar i verksemdene og som vi er heilt avhengig av, folk som tener over 300.000 kroner, blir for hardt ramma av toppskatten, sa Røkke.

Jantelova

— Eg ser ikkje mykje til jantelova i Noreg. Eg ser rettferdsoppfatningar og det er rett og rimeleg. Jantelova er konsentrert mest på Oslo Vest og litt til. Då eg kom inn frå fiskebåten tidleg på 1990-talet som eit friskt pust i Noreg, blei eg litt hår i suppa for enkelte, la han til.

Røkke slo også fast at det er kapital nok for gründerane om dei er iherdige nok. Til slutt hevda han at norske verksemder godt kan konkurrere med utalandske verksemder som har lågare kostnader - det gjeld berre å tilpasse seg vilkåra.

- Yrkesskulane viktigast

Røkke hausta også kraftig applaus då han slo fast at yrkesskulane er mykje viktigare enn høgskulane for utviklinga i Noreg. Han hevda at norske industriarbeidarar er i stand til å lese og forstå ein byggeteikning på grunn av høg kompetanse og utdanning, i sterk kontrast til til dømes amerikanske industriarbeidarar.

Ingen av dei andre paneldeltakarane motsa Røkke i vurderingane og synspunkta hans.

Støre, tidlegare statssekretær for Ap, streka under at vi må hjelpe fram utvikling og helse i den fattige verda. Det vil vere ei viktig investering mot terrorisme og for å ta vare på vår eigen tryggleik.

Hagen: Vi må gå i oss sjølve

Då partiformann Carl I. Hagen oppsummerte debatten fann han grunn til å slå fast at «Vi må gå i oss sjølve på mange område etter å ha høyrt denne debatten.»

Hagen drog også ein annan konklusjon:

— Vi har nå fått høyre at fornying, omstilling og tilpassing er ein kontinuerleg prosess. Eit politisk parti må også kontinuerleg fornye, tilpasse og omstille seg. At vi blir kritisert av andre politikarar for at vi meiner noko anna i dag enn for 20 år sidan, kan vi heretter ta med ro.

PANELDELTAKAR: Kjell Ingen Røkke slo fast at han har stor respekt for norske arbeidarar og 1. mai-dagen. - Mellom arbeidarane på golvet, der eg kjem ifrå, kjenner eg meg heime, kunngjorde han.