Webkamera: Se Rocknes bli snudd

Det trur bergingsleiar Georg Eide i Eide Marine Services. Når sjølve snuoperasjonen startar om kort tid, vil det gå tre dagar før havaristen er på rett kjøl.

— Det kan gå kortare tid, og det kan gå lengre tid. Uførusette ting kan dukka opp undervegs, seier Georg Eide til Bergens Tidende.

I går - på dagen to månader etter tragedien i Vatlestraumen - arbeidde 60 mann frå bergingsselskapa Eide Marine Services og Smit med rigging av vaierar og posisjonering av lekterar og vinsjar. Inntil det blir sett trekkraft på det 166 meter lange og 9000 tonn tunge skroget, arbeider bergingsmannskapa berre i dagslys. Når snuinga er i gong, går operasjonen døgeret rundt.

70 mill. kroner

Dei siste kalkylane fortel at snuoperasjonen vil kosta rundt 70 millionar kroner. «Rocknes»-snuinga er den største skipsberginga i sitt slag her til lands.

Eide Marine Services har 30 mann og i alt 11 flytande installasjonar - slepebåtar, kranskip og lekterar - på CCB-basen i samband med denne jobben. Halsnøy-selskapet er størst i Nord-Europa når det gjeld disponibelt marint bergingsutstyr. Samarbeidspartneren Smit er verdas største bergingsselskap, men har berre eitt fartøy som deltek i operasjonen på Ågotnes.

Georg Eide er ikkje i tvil om at operasjonen vil lukkast,

— Vi føler oss trygge på at dette skal gå bra, sjølv om det kan skje uventa ting med ein havarert båt. Alle operasjonar er godt ingeniørutrekna av våre og Smit sine folk, seier han.

Drar havaristen rundt

Forenkla går snuoperasjonen ut på å dra «Rocknes» rundt ved hjelp av 3000 tonn vinsjkraft. I tillegg skal ein kranlekter løfta havaristen med tusen tonns løftekraft, og snuinga skal styrast ved hjelp av justering av ballasttankane på kvar side av skipet.

— Plassen er nesten ideell for denne typen operasjon, ettersom vi var avhengige av fjellgrunn på begge sider av sundet. Her er også lite straum, seier Georg Eide.

«Rocknes»-snuinga kan følgjast kontinuerleg på internett gjennom bt.no sitt webkamera som er installert på CCB-basen.