— Det er ennå ikkje klart kva namn båten vil få. Vi har det under vurdering, seier pressetalsmann Bert Groothuizen i det hollandske offshoreselskapet Van Oord.

Årsaka til omdøypinga er den tragiske ulykka i Vatlestraumen 19. januar i fjor, der 18 sjøfolk mista livet.

Det er nå Van Oord som leiar arbeidet med båten, som skjer på verftet Remontowa i Gdansk i Polen. Det blir gjort omfattande reparasjons- og ombyggingsarbeid, ifølgje ein pressemelding som Van Oord sende ut onsdag. Etter ombygginga vil skipet vere 1,5 meter breiare enn før, noko som skal betre stabiliteten. Også horisontal deling av fire ballasttankar framme i båten skal bidra til å betre stabiliteten ved ein skade.

Det er også gjort endringar ved roret som i testar har vist seg å betre styringa. Vidare får båten fleire naudutgangar, og bruvingane er utvida på sidene for å betre sikta framover frå brua.

Heile det elektriske anlegget er bytta ut, og 200.000 meter med nye kablar skal leggjast. 90 tonn nytt stål er brukt i reparasjonen av bustadkvarteret om bord.

NRK har tidlegare meldt at reparasjonane vil koste ca. 250 millionar kroner.

Fartyet skal brukast i Ormen Lange-prosjektet, for å leggje gassrøyr til kontinentet.

TIL DOKK: Nå får katastrofeskipet nytt navn.
Rune Berentsen