Etter planen skulle Oslo tingrett i september avgjere kven som skal betale rekninga etter «Rocknes»-forliset. I potten ligg mange hundre millionar kroner. Nå har «Rocknes»-eigarane — med forsikringsselskapa Gard og Norwegian Hull Club i ryggen - bede om at saka blir utsett i eitt år.

Søksmålet omhandlar per i dag ei rekning på vel 100 millionar kroner for oppryddinga etter forliset, som staten har sendt eigarane. Forsikringsselskapa meiner det var staten som hadde skulda for at det gjekk gale, på grunn av dårlege kart og manglande oppmerking i Vatlestraumen, og har gått til retten for å sleppe å betale.

Milliardrekning

Samtidig vurderer «Rocknes»-eigarane å krevje staten også for dei andre kostnadene etter forliset. Berre reparasjonen av «Rocknes» kosta vel 330 millionar kroner. I tillegg kjem utbetalingar til etterlatne og overlevande, pluss inntektstapet for reiar Atle Jebsen. Den samla rekninga etter ulykka, som tok 18 menneskeliv, skal liggje nærare ein milliard kroner.

— Vi konstaterer at motparten ønskjer meir tid til å førebu seg, og har akseptert at saka blir utsett, seier advokat Ole Wetlesen Borge hos Regjeringsadvokaten.

Prosessfullmektig for eigarane, advokat Gaute Kr. Gjelsten, seier det er nødvendig med ytterlegare undersøkingar.

— Det er eit komplisert faktum i saka, med mange element, seier Gjelsten.

Feillasting skaper krøll

Eitt av momenta som gir «Rocknes»-eigarane hovudbry, er at skipet ifølgje fleire granskingsrapportar var feil lasta. Forsikringsselskapa har utført omfattande testar i England for å finne ut kva som ville hendt etter grunnstøytinga dersom steinen om bord hadde vore korrekt fordelt. Håpet er å sannsynleggjere at skipet uansett ville gått rundt, på grunn av dei store hola i skroget, og at feillastinga difor ikkje var ein medverkande årsak til katastrofen.

I motsett fall vil det vere vanskeleg å få velta heile ansvaret for ulykka over på staten og manglande merking av farvatnet. Etter det Bergens Tidende forstår, skal resultata frå England så langt ikkje vere eintydige, og advokatane ønskjer difor ytterlegare dokumentasjon før dei går i retten.

I tillegg til det sivile søksmålet kan «Rocknes» også føre til straffesak. Politietterforskinga konkluderte med at Sjøkartverket viste grov uforstand i tenesta då dei ikkje sa frå om grunna der «Rocknes» gjekk på. Statsadvokaten i Hordaland har ennå ikkje tatt stilling til om Sjøkartverket bør setjast på tiltalebenken.