EYSTEIN RØSSUM KRISTINE HOLMELID

Den sterkt kritiske rapporten om Rocknes-havariet er ført i pennen av høgskulelektor Rolf Cato Imstøl ved Høgskolen i Bergen, som blant anna underviser i skipsstabilitet.

— Innhaldet høyrer meir heime i ein «ordet fritt»-spalte enn i ein forskingsrapport, seier Sverre Steen, professor i marin hydrodynamikk ved Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet (NTNU) i Trondheim. Han har lese rapporten, og er overraska over at Høgskolen i Bergen har gått god for innhaldet.

— Rapporten held ikkje vitskapeleg mål. Det er ikkje mogleg å etterprøve påstandane som blir sett fram, fordi det er så dårleg med referansar og talmateriale. Dette er heilt sentralt i all vitskapeleg metode: Konklusjonane skal kunne etterprøvast. Det går ikkje an her, seier Steen.

Imstøl presenterte nyleg hovudtrekka i rapporten for eit allment publikum på Forskingsdagane i Bergen.

- Er ingen forskingsrapport

Professoren kjenner sjølv Rocknes-saka først og fremst frå media, og vil ikkje uttale seg om Imstøls påstandar kan vere rette.

— Mitt poeng er at det er umogleg å seie om han har noko å fare med, med grunnlag i den rapporten han har laga. Dette ville aldri gått igjennom hos oss, seier Steen.

Også direktør Oddvar Aam ved Norsk Marinteknisk Forskingsinstitutt (Marintek) i Trondheim er overraska.

— Dette er ingen forskingsrapport, og eg er veldig overraska over at han er co-signert av andre ved Høgskolen og sendt ut som eit offisielt dokument. Påstandane i rapporten er ikkje dokumentert, seier Aam.

Fagleg sikra ved høgskulen

Høgskulelektor Imstøl går i rapporten langt i å antyde at lastedokumentet som vart laga før Rocknes gjekk frå Eikefet var forfalska. Han skriv også at lastekalkulatoren om bord var manipulert av reiarlaget.

Han meiner skipet hadde alt for dårleg stabilitet, og konkluderer med at eit havari må ha vore vurdert som ein mogleg konsekvens, både av dei med ansvaret om bord og av operatørane på land. Imstøl rettar også sterk kritikk mot arbeidet til arbeidsgruppa i Sjøfartsdirektoratet som granska havariet.

— Det er ingenting i vegen for at ein forskingsrapport kan trekkje kontroversielle konklusjonar og kome med kritikk. Men dokumentasjonen må vere i orden, seier professor Steen.

Høgskolen i Bergen har sendt Imstøls rapport både til Sjøfartsinspektøren i Bergen og til klasseselskapet Germanische Lloyds, som godkjende Rocknes.

I eit følgjeskriv frå avdelingsleiar Mads Grahl Madsen heiter det at rapporten er fagleg vurdert av høgskulelektor Johnny Jørgensen.

Grahl-Madsen vil i dag ikkje kommentere rapporten.

— Det er bestemt at høgskuledirektør Nils Mæhle skal svare på alle spørsmål i denne saka, seier Grahl-Madsen.

«Ekstremt overraska»

Styreformann Atle Jebsen i reiarlaget Jebsen Group sendte denne veka eit skarpt brev til direktøren ved Høgskolen i Bergen. Han skriv at dei finn det «ekstremt overraskande» at høgskulen har stilt seg bak eit slik dokument. Han gjer det også klart at dei «usanne og inkriminerande skuldingane» som blir sett fram kan få rettslege følgjer for høgskulen.

— Vi ønskjer at høgskulen skal gå ut og dementere heile rapporten. Innhaldet er heilt håplaust, seier Atle Jebsen.

— Vi har ikkje lyst til å truge nokon med rettssak. Men vi kan ikkje la dette gå i gløymeboka. Både kaptein og reiarlag blir skulda for svært alvorlege ting. Dette kan vi ikkje la stå uimotsagt, seier Jebsen, som stadfestar at dei allereie har fått advokatar til å sjå på saka.

- Vi stiller spørsmål

Høgskuledirektør Nils Mæhle seier at Rocknes-rapporten blei kvalitetssikra ved høgskulen, men at den ikkje er ein vitskapleg rapport i streng tyding.

Mæhle understrekar at høgskulen har til oppgåve å bruke sin faglege innsikt til å delta i samfunnsdebatten.

— Høgskulen er positiv til Imstøl sitt faglege engasjement. Han har stilt ein del svært relevante spørsmål til hendingsforløpet ut frå sin bakgrunn både som høgskulelektor og som styrmann. Her er det meir snakk om ein fagleg rapport om ei aktuell hending, som dermed vil ha eit visst journalistisk preg, seier Nils Mæhle.

— Kvifor blei rapporten då send til Sjøfartsinspektøren og Germanische Lloyds, der det blir sagt at den er fagleg vurdert ved høgskulen?

— Det er eit relevant spørsmål. Det burde vore gjort klart at det rapporten gjer er å stille spørsmål, seier Mæhle.

Høgskuledirektøren seier han reagerer på at Atle Jebsen kjem med trugslar om søksmål mot høgskulen.

— Vi ønskjer å ha ein dialog med Jebsen, seier Mæhle

Høgskulen skal i neste veke ha ein gjennomgang av denne saka.